
Båten til venstre ligg i le for søraustvinden som kan vera litt sjenerande på Vadholmen.
Heisan, har du fått det med deg? På Vadholmen har Ryfylke friluftsråd laga ny brygge i løpet av sommaren. Den gamle brygga er fjerna og erstatta med ein pir som strekkjer seg om lag 70 meter utover frå holmen. Det er laga ein vinkel på piren, slik at du kan leggja deg i le for austavinden på vindfulle dagar. Den gamle brygga gjekk parallelt med stranda. Der låg du lunt og flott i nordavind, men i sørausten kunne det vera ganske uroleg her.
– Den gamle brygga var i ferd med å bli skrøpeleg. Snart kunne det bli farleg å gå på den. Derfor måtte me laga ny. Nå er det nye anlegget så godt som ferdig. Det gjenstår berre å laga ein liten trekant innerst på nordsida, seier dagleg leiar i Ryfylke friluftsråd, Hans Olav Sandvoll.

Den nye brygga på Vadholmen har kosta ein snau million kroner.
Den nye brygga har kosta i underkant av ein million kroner.
På føresommaren var friluftsrådet sitt anlegg stengt for båtfolket, men nå er det gjenåpna for lengst. Det er observert 15 båtar ved den nye brygga på ein gong. På flotte dagar kastar mange dreggen og ligg med baugen mot brygga eller så ligg dei utanpå kvarandre.
Vadholmen ligg i sundet mellom Usken og Uskekalven i Sandnes kommune. Dette er ei populær havn, men kan ikkje måla seg mot friluftsrådet si havn på Lindøy der det kan vera oppi 60-70 båtar på flotte sommardagar. Også Rossøysundet ved Fogn og Skaholmen i Økstrafjorden er meir besøkt enn Vadholmen.
Men det er bare godt for oss Vadholm-tilhengarar at andre finn seg andre turmål.
Du må som regel vassa litt for å komma deg til Vadholmen. Derav navnet. Men som regel er det ikkje noko problem å hoppa på steinane for å komma seg ut til holmen. Derfor er det greit å skifta ut mannskap og passasjerar på båten når du ligg her. Hurtigbåtane mellom Stavanger og Hommersåk er innom Usken og Uskekalven mange ganger til dagen. Det tar ikkje all verdens lang tid å gå til rutebåtkaien. Forresten er det fint å gå tur på dei to øyane der det er 200 hytter og eit 50-tals fastbuande.

Vadholmen ligg lunt for nordavind midt i bildet mellom Usken og Uskekalven. Bildet er frå boka Lune havner som Aftenbladet gav ut i 2002.
Friluftsrådet har planar om å gjera Vadholmen litt meir tilgjengeleg for skuleklassar og barnehagar som vil dra dit på dagstur.
Frå Vadholmen er det ikkje langt til andre naturhavner der friluftsrådet har lagt til rette for fortøyning og overnatting. På Tingholmen rett utfor Vier er det både toaletter, bossdunkar og fortøyningsboltar. Og litt lenger ute i retning mot Kalvøy ligg Litle Teistholmen som friluftsrådet overtok for tre år sidan. Her pågår det eit arbeid akkurat nå å tilretteleggja for at rullestolbrukar kan komma i land og nytta seg av området. Litle Teistholmen ligg litt utsett til for nordavind.
God tur!