
Den gamle byferja «Ragnar» frå Stavanger deltok i Grunnlovskonvoien til Oslo i sist veke.
– Av alle ting så ble Buøy-ferja stjålet i natt, kunne Aftenbladet melda 22. januar 1969.
Dette er stadig ei uløyst krimgåte frå 1960-åra i Stavanger. Ferjetjuveriet blei ei storhending som til og med blei omtala i New York Times, ei av dei mest kjende og velrennomerte avisene i verda.
Ekte båtkjennarar nikka gjennkjennande då den gamle Buøy-ferja kom glidande inn på Oslo havn som ein del av den store Grunnlovskonvoien i sist veke. Linjene var dei same som då den gjekk som kommunal ferje på Buøy og dei andre byøyane i mange år. «Ragnar» var bygd i Sverige i 1868. Til Stavanger kom den i 1885 som dampbåt.
Som 67-åring blei den kommunal ferje og heldt det gåande i 20 års tid. Etter litt småjobbing rundt forbi havna «Ragnar» i Moss. Nå framstår den som ny-oppussa med sin gamle utsjånad intakt.

I Kopervik gjorde dei store auer då dei oppdaga «Ragnar» frå Stavanger ved kai.
«Ragnar» låg ved Steinkarkaien med motoren i gang den kalde januar-natta i 1969. Ferja blei bruka som nattfløtt mellom byen, Sølyst, Engøy og Buøy. Båten var klar til utrykning dersom nokon trong legehjelp eller politiet måtte rykka ut. Dei to som jobba om bord, sat og varma seg inne på mannskapsrommet på Steinkarkaien. Då dei kom ut for å gå om bord, var ferja borte.

Aftenbladet sin teiknar, Henry Imsland, måtte jo laga sin versjon av det store ferjetjuveriet.
Ein patruljerande politimann hadde sett ferja ute på fjorden ved tre-tida om natta. Han trudde at ferja var ute og gjekk i si vanlege rute. Andre båtar møtte «Ragnar» på Boknafjorden. Der rekna dei med at ferja var på veg til verkstad lenger nord eller noko liknande. Ingen drøymde om at ferja var stolen.
Den 101 år gamle ferja blei utpå morgonkvisten oppdaga ved kai i Kopervik. Der låg den midt på rutebåtkaien fortøya med spring og motor og propell i gang. «Ragnar» hadde brukt vel tre timar på turen og var framme mellom klokka 6 og 7 om morgonen.
Ingen såg ferjetjuven. Han var sporlaust borte.
Politiet var utan spor i saka. Tjuven blei aldri tatt.
«Ragnar» var ikkje påført skade av noko slag på vegen nordover. Skaden skjedde først då folk frå Stavanger kommunale ferjer kom for å henta båten heim. Til vanleg låg ferja med motor og propell i gang og berre ein tau i land. Men i Kopervik hadde velmeinande sjeler vore om bord og stoppa maskinen og sett eit aktertau i land. Ferjefolka frå Stavanger tenkte ikkje på det.
– Dei reiv av halva rauå då dei skulle gå heim igjen, fortalde ein tidlegare ferjeskipper til meg ein gong.
Om det siste er sant, veit eg ikkje. Men «Ragnar» var tilbake i rute mellom byøyane same kveld.
Aftenbladet fastslo at det ikkje var kven som helst som kunne stela ferja på nattestid og leggja i veg over Boknafjorden til Kopervik med eit ukjent farty. Enten var det ein navigasjonskyndig person og eller ein lokalkjend.
Ei uniformshua blei funnen om bord. Men den viste seg å vera stolen frå kapteinen på eit utanlandsk skip som hadde vore i Stavanger dagen før det store ferjetjuveriet som vekte så stor oppsikt at det blei omtala i New York Times.
«Ragnar» hadde dampmaskin då den kom til Stavanger i 1885. I 1947 blei ein Gray dieselmotor frå General Motors installert i båten. Dette året blei ferja pussa opp ved Ole Torjussen og Sønners båtbyggeri. Ferja blei sett inn i rute mellom Nyhavn på Buøy og byen saman med ferja «Buøy».
Då Stavanger kommune overtok ferjedrifta i 1952, blei det sett inn ein Rubb-motor på 40 hk. To år seinare kom det nytt overbygg. Jernbåten med betongdekk gjekk tungt i sjøen. Ein tidlegare billettør om bord fortel at dei måtte ausa salongen mellom kvar tur i uvêr.
Dei siste åra i kommunal teneste gjekk «Ragnar» som suppleringbåt på Austre Åmøy. I første halvdel av 1970-åra blei den seld til ein mann frå Kristiansand. Den tidlegare byferja gjekk med arbeidsfolk til condeepane i Gandsfjorden fram til 1978. Den blei også brukt til liknande oppdrag på Stord.
Seinare blei båten overteken av Kyrre Gripstad i Moss.
Mange gleda seg over at «Ragnar» nå var å sjå med gamle kjende linjer i Oslo.
Til slutt fakta: Lengde 17,2 meter. Bredde 3,2 meter. Tonnasje: 28 tonn.