
I kjellaren i det raude huset kan tippoldefaren min ha hatt smia si.
Då presten på Hjelmeland høyrte at Øystein Smed i Vågen ville senda eldste sonen sin på amtskule, blei han så sjokkert at han gjekk eins ærend frå prestagarden og ned i smia. Presten ville vita om smeden var blitt stormannsgalen.
Sjølv om dette hende meir enn 50 år etter det store fridomsåret 1814, meinte framleis embetsmenn og storbønder at småkårsfolket burde kjenna sin plass i samfunnet. – Skomakar bli ved din leist, var gjeldande uskrivne lov.

Kan presten Paul Resen Hofgaard ha oppsøkt min tippoldefar i smia for å undersøka om han var blitt stormannsgalen?
Men presten greidde ikkje å vippa smeden av pinnen. Sonen Lorents gjekk på amtskulen vinteren 1879 – 1880. Deretter reiste han ut i verda. Heilt til Sjernarøyane. Der arbeidde han som krambudreng ei tid før han kom igjen til Hjelmelandsvågen. Der etablerte han seg som landhandlar. Denne landhandelen eksisterer den dag i dag som Spar-butikken på Hjelmeland. Seinare var han ordførar i Hjelmeland frå 1902 til 1907.

Min oldefar Lorents Østensen blei både landhandlar og ordførar.
Ordførar Østensen blei vippa ut av ordførarstolen av det som seinare er blitt omtala som ei gruppe maktbrunstige bønder. Mellom anførarane der var bestefar min frå Laugaland.
Heilt på slutten av 1880-talet forelska ein ung fiskar frå Hjelmelandsvågen seg i ei jente frå ei anna bygd i fjordane. Han var med eit notalag frå Vågen som var på brislingfiske ein fine føresommar. Den unge hjelmelandsbuen og den gilde jenta var blitt så inderleg glad i kvarandre at dei skulle både forlova seg og gifta seg med tida. Dette fortalde unggutten til dei andre om bord i fiskeskøyta.
– Du kan berre gløyma jenta. Når du kjem him til Hjelmeland, greier du ikkje å halda kontakt med henne, sa dei andre om bord.
– Tull og tøys. Me skal skriva brev til kvarandre, protesterte gutten.
– Du kan jo ikkje skriva brev du, lo dei andre.
– Det er sant, men det er ikkje noko problem. ‘An Lorents Østensen kan skriva brev for meg, sa gutten. Slik var det i den tida. Landhandlaren gjorde mange andre ting enn å handla. Han skreiv også brev for folk.
Alt dette fortalde mor mi til meg ein gong. Lorents Østensen var oldefar min og Øystein smed var dermed tippoldefaren min. På gravsteinen til smeden står det Østen Østensen. Om han blei kalla Øystein eller Ysten til dagleg, er eg ikkje sikker på.
Då det begynte å regna på tysdag, stakk eg ned på biblioteket i Hjelmelandsvågen og lånte bøker for å finna ut meir om denne tida då forfedrane mine gjekk levande rundt på Hjelmeland. Forresten meiner eg at mor mi sa at smia til tippoldefaren min låg i kjellaren på det litle, raude huset som ligg i vegg-i-vegg med Spinneriet i Vågen. Den dag i dag skal det vera ei omtrent intakt smia i denne kjellaren.

Den kjende skulemannen og skribenten Johannes Arneson gjekk saman med oldefar min på amtskulen.
Eg hadde flaks med boklånet. For 50 år sidan skreiv skulemannen, målmannen og skribenten, Johannes Arneson, to bøker. Som 97-åring gav han ut boka «År eg minnest, menn eg møtte» og i 1964 kom «100 år og minnest mangt». Faren til Arneson var lærar og kyrkjesongar på Hjelmeland i mange år. I bøkene skriv Johannes Arneson mykje om heimbygda og folka som budde der. Der fant eg både tippoldefar og oldefar igjen. Tippoldefar blir omtala som Øystein smed fleire stader i dei to bøkene.
Vinteren 1879 – 80 gjekk Johannes Arneson og Lorents Østensen på Ryfylke amtsskule då denne var i Hjelmeland, kunne eg lesa.
Johannes Arneson skriv også at han var med og stifta Hjelmeland ungdomslag hausten 1887. Dette var det fyrste ungdomslaget i Ryfylke. – Kven som fyrst kom på det med eit ungdomslag kan eg ikkje seia, men ein av dei mest ihuga var den unge landhandlaren Lorents Østensen, skriv Arneson.
Tanken med laget var å få til ordskifte om tankar og saker som tenksame folk kom inn på når dei sat og radla saman. Målsaka blei sjølvsagt eit emne i dette ordskifte-laget. Arneson var målstrevar, medan oldefar min, Lorents, heldt på bokmålet. Men så skriv Arneson: Men han Øystein Smed, far hans Lorents, heldt med meg.
Johannes Arneson skriv om eit stort ras i Førrebotn. Den største steinen som kom då, ligg nede ved sjøen og heiter Brudgommen, for den og ein mindre kom rullande ned frå fjellet ein gong det var bryllaup på garden. Brureparet og gjestene var i kyrkja på Hjelmeland då dette hende.
Dette hadde forfattaren frå Øystein smed i Vågen. Han tente i Førre den gongen og var heime med dei hine var til kyrkje. Han skaut skreppskota, æresalutt, då brureparet lende og kom til gards. Men det hadde vore noko anna til langvarande salutt då desse store steinane rapa ned frå fjellet. Bryllaupshuset rista og koppar og kar klirra.
Då veit eg at tippoldefaren min var smed, han var dreng i Førre i Jøsenfjorden i sin ungdom, og han meinte det var viktig å skaffa sonen utdanning og hadde sans for målsaka. Mellom linjene hjå Arneson står det vel også at tippoldefaren min ikkje var den flinkaste smeden i Vågen. Ein annan navngitt mann får denne tittelen.
At oldefaren min hjelpte folk både med å lesa brev og med å skriva brev er eg også heilt sikker på. Forholdsvis mange hadde problem både med å lesa handskrivne brev og å svara på dei.
Skulekameraten Johannes Arneson hadde også erfaringar med dette:
– Husmannskona Gjertrud var korkje brevsynt eller skrivefør. Ho hadde 2 – 3 søner som for til sjøs før dei vart gifte og slo seg ned på prærien i USA. Eg har skrive mange sjømannsbrev for henne. Den yngste slutta alltid breva sine med denne etterskrifta: «Hils pigerne». Når eg las brevet, gret ho gledestårer for han levde og var «ved helsen», men når eg las etterskrifta då lo ho og dunka meg i sida.
Eg har ikkje funne noko bevis på at presten kom i smia til tippoldefar for å undersøka om han var blitt stormannsgalen, men det kan godt vera at det er sant. Viss ikkje, er det jo litt å flira av.
Men ein ting er sikkert: Johannes Arnson er det ei byste av i Hjelmelandsvågen ved kommunehuset.
Smeden Østen Østensen var fødd i 1827 og døydde i 1897.
Landhandlar Lorents Østensen var fødd i 1863 og døydde i 1935.
Forfattar, skulemann og målmann var fødd i 1865 og døydde i 1967.
(Utgangspunktet for denne bloggen er det mor mi fortalde om slekta si. Resten har eg funne i bøkene til Johannes Arneson og i Trygve Brandal si bygdesoge for Hjelmeland frå 1800 til 1990. Bilda har eg også teke frå bygdesoga og bildet av Johannes Arneson frå ei av bøkene hans.)

Fyrst rundt 1900 blei det bygd kai i Hjelmelandsvågen. Før den tid rodde dei ut og borda rutebåten.