Til Aftenbladet.no

Blogg

Jonebloggen

Du er her: Blogg » Jonebloggen » Til Lofoten – om Erøy

Til Lofoten – om Erøy

Dato:14 jun 2014
Av:Jone Laugaland

Gjestehavna på Erøy i Erfjord er åpen som før. Det er berre butikken som er nedlagt.

 

Eg som trudde Torbjørn Erøy var ein mann som var til å stola på. For tre år sidan sa han til meg at han skulle avvikla landhandelen på Erøy i Erfjord og den dertil høyrande gjestehavna. Det blei slutt med butikkdrifta i august 2011, men gjestehavna blir driven som før, viser det seg.

Planen vår er å reisa på båttur til Reine i Lofoten. Der har kona mi ein tremenning. Ho har så lite slekt at sjølv tremenningar er nære i den familien. Meininga vår var å stikka ein liten tur innom Hjelmeland og sjå om godset vårt der før me stakk nordover. Men det var så fint vêr og frisk bris i går ettermiddag  at det var fristande å bøya inn i Erfjorden.

For eit par veker sidan hadde eg høyrt at Torbjørn Erøy dreiv gjestehavn som før. Det stemte.

Først handla me litt på butikken i Hålandsosen. Deretter la me oss til på Erøy som aldri har vore øy. Dette er berre ei skarven halvøy.

Det låg tre båtar i havna då me kom. Den eine gjestebåten har vore her sidan april. Eigaren, Jan Inge Tveit, er ein av dei faste gjestene som me treffer omtrent kvar gong me er her. Mange trivest så godt på Erøy at dei ligg her til alle tider. Du vassar ofte i rennesøybuar her.

Sjølv ein utvatna hjelmelandsbu må innrømma at det er ganske idyllisk på Erøy. Koseleg havn og fin utsikt til lastebåten «Stordøy». I mi tid i Aftenbladet laga eg reportasjar om to av lastebåtane som har hatt det navnet.

Denne helga blir det bryllupsfest på Erøy. Barnebarnet til tidlegare Suldal-ordførar og ferjeskipper Kåre Vågane skal stå brur i Erfjord-kyrkja i kveld. Eit stort party-telt er sett opp 50 meter frå båtplassene våre. Kanskje lurt å forhala før kvelden er her.

Torbjørn Erøy fekk eg hykka i føremiddag før han stakk av til Gunlanuten. – Eg tykte det var for gale å slutta med gjestehavna så lenge alt var på plass. Og folk kjem som før. Dei siste helgene har det vore bra med båtar, fortalde han.

Mine nostalgiske fjordabåt-kjensler vibrerer kraftig på Erøy. For snart 50 år sidan, sommaren 1966, var eg ferieavløysar-matros på «Hjelmelandsfjord». Då var me innom Erøy-kaien mange ganger i løpet av veka. Då dreiv faren til Torbjørn landhandelen på Erøy.

Eg har høyrt rykter om at «Riskafjord» skal bli å sjå på Erøy til kvelden.  For oss som har sett den båten før, går turen vidare mot Loftoten.

Viss me kjem så langt.

 

 

 

 

 

 

 

Søk Jonebloggen


Jonebloggen

Jone Laugaland
Jone Laugaland

Pensjonert Aftenblad-journalist, fødd 1949. Starta i Aftenbladet i januar 1977 og gjekk av 1. mars 2011. Har blogga i fleire år på aftenbladet.no.

Siste innlegg

Rekordar i kø for moreller, plommer og eple!
13 aug, 2014
Påkosta og flott for båtfolk på Vadholmen
05 aug, 2014
Det uoppklarte ferjetjuveriet
20 jul, 2014
Presten trudde smeden var stormannsgalen
16 jul, 2014
Frå kokain-trafikk til fredeleg fraktfart
10 jul, 2014
Båtferie - som å bu under kjøkkenbordet
21 jun, 2014
Men Kristiansund er ikkje Lofoten!
18 jun, 2014
Med motvind blir det langt til Lofoten
16 jun, 2014
Til Lofoten - om Erøy
14 jun, 2014
Moseldalen, Jørpeland eller heller her?
12 jun, 2014

Siste fra Aftenbladet Blogg

Jøsusbloggen:
Slik er det med den saken
Jøsusbloggen:
Tro deg trent
Jøsusbloggen:
Prostata i ratata
Jøsusbloggen:
Hver gang vi møtes
Jøsusbloggen:
I det dype hjørnet
Fra provinsen:
Når parodien er løgnere enn virkeligheten
Jøsusbloggen:
Jeg hadde rett
Fra provinsen:
Send Tina Bru og Roy Steffensen på kortkurs
Jøsusbloggen:
Se min kjole
Fra provinsen:
Jeg er den evige Pål Morten Borgli

© Copyright 2012 Mediehuset Stavanger Aftenblad