
Ikkje nødvendig å reisa nokon plass på ferie. Me er jo her. Stavanger er eit av dei ti gjevaste reisemål i Europa.
– Dei turistane med det grønna teltet på campingplassen på Fjelde. Vett du kor dei komme frå? Moseldalen!!

Heila Stålverket og halva Jørpeland snakka om campingturistane frå Moseldalen. (Bildet heng på ein vegg på Verkshotellet)
Heile Stålverket og halve Jørpeland snakka om det nokre augustdagar ein gong på 1970-talet. Her hadde 1000 busslaster med rogalendingar vore sørover i Europa på ferie. Dei fleste hadde sjølsagt latt seg berusa av søt vin i den fagre Moseldalen i Sør-Tyskland. Og ikkje minst, sett på svære lastebåtar som forserte elva midt i dalen. Jørpelandsbuane var sjølsagt kjempebegeistra for Sør-Europa.
Ikkje rart at dei blei sjokkerte når dei oppdaga to klissvåte moseldølar som prøvde å overleva så godt dei kunne i august-regnet på campingplassen på Fjelde. Her var det jo ingenting å sjå for dei.
Eg kom på dette i dag då eg les at reisemagasinet Lonely Planet har kåra Stavanger til eit av dei ti beste reisemåla i Europa i 2014. Kvar gong når eg går på jobb midt på dagen, vassar eg som oftast i cruise-turistar i Øvre Strandgata i Stavanger. Fullt av utlendingar som kikkar inn i stovene til folk, som beundrar hagane og lurer på vegen til The Canning Museum. Som ein liten KGB-agent prøver eg å smyga meg usett langs dei kvite husveggene for å unngå å øydeleggja nøye planlagde fotomotiv som skal visast fram når reiseglade cruise-pensjonistar er vel heime i Europa igjen.
Ka vil dei her i steinrøysa?

Turistmagneten Preikestolen. Ingenting for folk med høgdeskrekk. (Foto: Pål Christensen)
Ufatteleg mange har eit einaste mål: Dei skal sjå Preikestolen.
Som flybuss-sjåfør har eg erfart koss mange unge utlendingar, ikkje minst japanske og kinesiske, som landar på Sola tidleg på føremiddagen, kjøper tur-retur-billett på bussen for å komma seg til Fiskapiren. Der reiser dei vidare med den første Tau-ferja i retning mot målet: Pulpit Rock. Om kvelden kjem dei tilbake frå Preikestolen med tur-retur-billetten sin. Rett til Sola. Nå har dei vore der. Bye, bye, Norway.
Mange utlendingar let seg imponera over koss god plass me har her i landet. Og dei lyse nettene. – Dette er nummeret før midnattss0l, seier eg når imponerte utlendingar kommenterer koss lyst det er her midt på natta. – Ka tid mørknar det her, spurte ein turist-tysker i Vesterålen. – I september, svara den innfødde.
For oss som bur her er dette sjølsagt med god plass, lyse netter og vill natur. Derfor tek me motsette vegen på ferie: Til Sola for å stå i kø i sikkerhetskontroll og så pressa oss inn i eit trangt fly som i vill fart fører oss flyskrekk-plaga opp i lause lufta. Reisemålet, viss me kjem velberga ned igjen, er garantert ein stad med mykje folk, mørke kveldar og kvelande varme. 43 varmegrader på Kreta i juni har eg prøvd. Aldri meir.
Akkurat nå gjer eg meg klar til å dra på sommartur med båten. Lastar opp med alle slags saker og ting som kan komma til nytte underveis. Ein bråte med sjøkart er rulla saman og klargjort. Karta rekk heilt til Tromsø.
Stavanger – Hjelmeland blir første etappe. Me legg ikkje ut på åpne havstykke på fredag den 13. juni.
Forresten. Eg veit ikkje om det regna då turistane frå Moseldalen campa på Fjelde. Det er ikkje usannsynleg. Men dei gjekk nok til Preikestolen. Dei var der før det blei kø på turvegen til The Pulpit Rock. Før si tid, kan du seia.