Til Aftenbladet.no

Blogg

Jonebloggen

Du er her: Blogg » Jonebloggen » Drapet på Ropeid-ferja

Drapet på Ropeid-ferja

Dato:21 aug 2013
Av:Jone Laugaland

Sommaren 2005 gjekk «Sand» som turistferje på Lysefjorden. (Foto: Jan Tore Glenjen)

Kaptein Njål Lovra kom på sin stillfarande måte ned frå styrehuset med ein tom  kaffikopp i handa då det kom ein mann, vill i augene, med eit blodig stikkvåpen mot han. Kapteinen på ferja «Sand» greidde å rømma unna desperadoen og kom seg velberga tilbake på brua der han slo full alarm.

Desperadoen hadde følgt etter ein blødande mann om bord i ferja og ned i salongen under dekk. Den blødande mannen greidde å komma seg inn døra til mannskapslugarar og messe og stengja døra etter seg. Der blei den sterkt skada mannen liggjande på dørken rett ved døra til messa medan gjerningsmannen prøvde å knusa døra for å få tak i rømlingen.

Då kaptein Lovra støytte saman med gjerningsmannen var denne i ferd med å leggja på flukt. Han forsvann inn på kaien på Sand og var borte.

«Sand» hadde akkurat komme til kai på Sand ved 20-tida om kvelden måndag 28. august 2000. Det var tid for ein halvtimes pause før neste tur til Ropeid. Alt låg til rette for ein vanleg stille stopp på ferja med kaffi og drøs i mannskapsmessa. Då skjedde drapsdramaet på ferja.

Drapsmannen var ein 36-årig asylsøkar frå Irak. Han hadde komme frå Bergen same kvelden og oppsøkte ein annan irakar som budde på asylmottaket på det tidlegare fjordhotellet på Sand.

Væpna politi gjennomsøkte alle kjøretøy om bord i «Sand» i august 2000 på jakt etter drapsmannen. (Foto: Fredrik Refvem)

Store politistyrkar jakta på drapsmannen. Alle kjørety som skulle med ferja frå Sand til Ropeid, blei gjennomsøkte av væpna politi  utan resultat.

Neste dag ante billettør Tore Vestbø uråd då ein framand mann reiste over fjorden på morgonen. Han hadde tydeleg prøvd å endra utsjånaden så godt han kunne. Dessutan drog han opp lauv frå bukselommen saman med pengane då han skulle betala ferjebilletten. Så raskt som råd fekk Tore Vestbø varsla kapteinen. Den mistenkelege mannen, som viste seg å vera drapsmannen, gjekk på bussen til Haugesund. Ein times tid seinare gjekk politiet til aksjon mot bussen ved Grinde i Tysvær og arresterte mannen utan dramatikk.

Ikkje akkurat norsk ferjekvardag med drap om bord. Men dette skjedde på fjerde skipet i Stavangerske-flåten med navnet «Sand».  Ferja seilte med dette navnet frå 1992 til 2006. Den var 23 år gammal då den fekk eit av dei mest tradisjonsrike navna i Stavangerske-historia.  Navnet var «Fusa» ved sjøsetjinga i 1969. Ferja har hatt fire navn fram til nå.

«Fusa» var den første pendelferja til rederiet HSD i Bergen. Den blei bygd ved AS Haugesund Slip  og levert til HSD 9. juli 1969. Dette var ei vidareutvikling av ei såkalt standard Møreferje – ei pendelferje med plass for 40 bilar og 325 passasjerar. Denne ferja var eit tilbakesteg samanlikna med tidlegare HSD-båtar med omsyn til komfort. Den hadde ikkje salong på båtdekket og hadde heller ikkje pynteskorstein med rederimerket på. Her var HSD-rosetten plassert på kvar side av overbygningen, over skipsnavnet.

«Fusa» var den første pendelferja til HSD då den blei levert i 1969. (Teikning: Bård Kollveit)

 

I 1989 blei «Fusa» seldt til Stavangerske og omdøypt til «Hjelmeland» og sett inn i ruta over Jøsenfjorden mellom Tøtlandsvik og Vindsvik. 1. juni 1990 blei dei nye ferjekaiane på Nesvik og på Hjelmeland tekne i bruk og «Hjelmeland» blei gåande her til den nybygde «Hjelmeland» blei overlevert til rederiet som nå lydde navnet Rogaland Trafikkselskap. Nå skifta den tidlegare HSD-ferja navn igjen. Nå blei den til «Sand» og overført til ferjesambandet Sand – Ropeid. Dermed blei dette det fjerde skipet som fekk «Sand»-navnet.

HSD hadde ikkje brukt pengar på ein pynteskorstein på denne ferja. HSD-merket var plassert på skutesidene og eksosrøyret var kvitmala. Som Stavangerske-skip blei eksosrøyret påført gul farge med tre raude ringar. Dette går fram av bilda i bloggen.

– Ei kjekk ferje med eit triveleg arbeidsmiljø, seier maskinist Jan Skaar som var om bord i denne ferja over 10 år. Han gjekk om bord alt i 1992 då ferja gjekk mellom Hjelmeland og Nesvik. Han blei verande om bord heilt fram til 2002 då «Frafjord» avløyste «Sand» mellom Sand og Ropeid.

«Sand» fotografert frå ferjekaien på Ropeid i 2003. (Foto: Jon Ingemundsen)

Før ferja kunne setjast inn i Ropeid-sambandet måtte overbygget hevast slik at takhøgda på bildekket blei på 4,5 meter. Dette var eit krav frå takstolprodusenten Meling Bygg  på Sand med støtte frå Suldal billag og Suldal kommune. Dei trong skikkeleg takhøgde for å få levert produkta sine. Før vegen langs Åkrafjorden var ferdig modernisert og uvida, var Ropeid-sambandet ein viktig del av vegen mellom Nordfylket og Austlandet på vinterstid.

– «Sand» hadde ein skikkeleg god Wichmann 5 ACAT på 750 BHK.  Før ferja blei sett inn i Ropeid-sambandet, blei maskinen plukka frå kvarande og overhalt grundig på Rubbestadneset. Dermed var den god som ny då den blei starta igjen.

Det var fire mann på kvart skift på «Sand»: Kaptein, to matrosar og maskinist. Her er mange av dei som var om bord i denne tida: Kåre Vågane, tidlegare ordførar i Suldal, var i fleire år administrerande kaptein. Endre Eide, Bjørn Lund, Johannes Malvin Tveita og Njål Lovra  var også kapteinar.  Maskinistar: Ragnar Amundsen, Kåre Leirvik, Bjørn Egil Søndenå og Jan Skaar. Matrosar og billettørar: Kjell Jørgensen, Geir Håheimsnes, Lars Kristian Vestbø, Jan Henry Bergsbakk, Jan Helge Kvaløy, Svein Ramsnes, Leif Øvrebø og Tore Vestbø.

Sommaren 2005 gjekk «Sand» som turistferje på Lysefjorden.

I 2006 møtte «Sand» den fjerde same skjebne som sin forgjengar. Den blei omdøypt til «Ropeid».

Me dette navnet blir ferja i dag brukt som reserve-ferje for Norled sine ferjer i Trøndelag.

Den femte og truleg siste «Sand» er ferja som blei sett i fart i 2007. Den vil gå mellom Sand og Ropeid fram til brua over Sandsfjorden er ferdig.

 

Søk Jonebloggen


Jonebloggen

Jone Laugaland
Jone Laugaland

Pensjonert Aftenblad-journalist, fødd 1949. Starta i Aftenbladet i januar 1977 og gjekk av 1. mars 2011. Har blogga i fleire år på aftenbladet.no.

Siste innlegg

Rekordar i kø for moreller, plommer og eple!
13 aug, 2014
Påkosta og flott for båtfolk på Vadholmen
05 aug, 2014
Det uoppklarte ferjetjuveriet
20 jul, 2014
Presten trudde smeden var stormannsgalen
16 jul, 2014
Frå kokain-trafikk til fredeleg fraktfart
10 jul, 2014
Båtferie - som å bu under kjøkkenbordet
21 jun, 2014
Men Kristiansund er ikkje Lofoten!
18 jun, 2014
Med motvind blir det langt til Lofoten
16 jun, 2014
Til Lofoten - om Erøy
14 jun, 2014
Moseldalen, Jørpeland eller heller her?
12 jun, 2014

Siste fra Aftenbladet Blogg

Jøsusbloggen:
Slik er det med den saken
Jøsusbloggen:
Tro deg trent
Jøsusbloggen:
Prostata i ratata
Jøsusbloggen:
Hver gang vi møtes
Jøsusbloggen:
I det dype hjørnet
Fra provinsen:
Når parodien er løgnere enn virkeligheten
Jøsusbloggen:
Jeg hadde rett
Fra provinsen:
Send Tina Bru og Roy Steffensen på kortkurs
Jøsusbloggen:
Se min kjole
Fra provinsen:
Jeg er den evige Pål Morten Borgli

© Copyright 2012 Mediehuset Stavanger Aftenblad