– Frukta var rekordtidleg i år. Morellene mine var klare til hausting 1. juli i år. Dette var 18 dagar tidlegare enn i fjor. Reeves-plommene som ikkje var modne til frukt- og laks-festivalen i september i fjor, dei kan eg begynna å hausta kommande mandag. Discovery-epla kan plukkast dei siste dagane i denne veka.
Heisan, har du fått det med deg? På Vadholmen har Ryfylke friluftsråd laga ny brygge i løpet av sommaren. Den gamle brygga er fjerna og erstatta med ein pir som strekkjer seg om lag 70 meter utover frå holmen. Det er laga ein vinkel på piren, slik at du kan leggja deg i le for austavinden på vindfulle dagar. Den gamle brygga gjekk parallelt med stranda.
– Av alle ting så ble Buøy-ferja stjålet i natt, kunne Aftenbladet melda 22. januar 1969. Dette er stadig ei uløyst krimgåte frå 1960-åra i Stavanger. Ferjetjuveriet blei ei storhending som til og med blei omtala i New York Times, ei av dei mest kjende og velrennomerte avisene i verda.
Då presten på Hjelmeland høyrte at Øystein Smed i Vågen ville senda eldste sonen sin på amtskule, blei han så sjokkert at han gjekk eins ærend frå prestagarden og ned i smia. Presten ville vita om smeden var blitt stormannsgalen. Sjølv om dette hende meir enn 50 år etter det store fridomsåret 1814, meinte framleis embetsmenn og storbønder at småkårsfolket burde kjenna sin plass i samfunnet.
– Hei! Den båten meiner eg å ha sett før. I motvind og motsjø hadde me kava oss opp til Støtt, eit stykke sør for Bodø. Me var på veg til Lofoten i eigen båt. Akkurat då kursen var lagt innover mot smulare vatn, passerer latebåten. «Fjordlast II» står det på skutesida. – Men hallo. Dette var den same «Fjordlast» som gjekk mellom Stavanger og Sauda i si tid.
– Lurer du på å dra på båtferie, skal du testa deg sjøl med å bu saman med familien under kjøkkenbordet ei veke. Kosar du deg under bordet, har du alle forutsetningar til å trivast i båt. Eg er sjølsagt heilt uenig i den slags snakk. Kjøkkenbord-bildet passa betre i den tida då familien drog av garde i ei 25 fots snekke.
Frista til å juksa litt når regnet pøsar ned her i Kristiansund. Det har begynt å dryppa frå kalesjetaket over akterdekket i båten og meteorologane melder om meir motvind og regn i dagane som kjem. Og Lofoten er langt mot nord. Me er ikkje halvveis ein gong. Eg har to suvenir-klistremerke frå Lofoten liggjande i båten. Dei kjøpte me i 2007. Sist gong me var der nord. Merkene kan eg jo bare klistra på båten nå.
Spinngale av meg å gå ut og forkynna at me har dradd av garde til Lofoten. Ein irriterande motvind lagar problem for framdrifta. Blir det slik i fleire veker framover, er turen avlyst. Sjølv Florø er eit fjernt mål akkurat nå. Nå ligg båten vår godt surra fast til ei flytebrygga i Korssund i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.
Eg som trudde Torbjørn Erøy var ein mann som var til å stola på. For tre år sidan sa han til meg at han skulle avvikla landhandelen på Erøy i Erfjord og den dertil høyrande gjestehavna. Det blei slutt med butikkdrifta i august 2011, men gjestehavna blir driven som før, viser det seg. Planen vår er å reisa på båttur til Reine i Lofoten. Der har kona mi ein tremenning.