Slepp meg fri
Publisert av Maren Østbø 18 februar, 2012 i Generelt, Kultur, Oppvekst, Personlig, PolitikkDen siste veka har nyhetsbiletet vore prega av flyktningar og englar. Ikkje at eg antydar at dei har nokon forbindelse med kvarandre, altså.
Me har fått kyssekrok på Sola lufthamn. Eg er difor særs stolt av å vere solabu denne veka. Me er så innovative. Me gir folk det dei vil ha. Me avdekkar behov, og imøtekjem dei. Åh, så stolt eg er over lufthamna vår, som endeleg har tatt ansvar for dei elskande, lengtande. Og ut ifrå forklaringa på kvifor me treng ein kyssekrok på Sola lufthamn, ser eg for meg ein gjeng reisande som hadde passa betre inn i ein Humphrey Bogart-film. Men, nok om det – det har nemleg vore nok av revolusjonsprega sakar i media denne veka. Sånn sett bort ifrå ein hest som blei parkert utanfor ein pub på Klepp og sånn. Alle synest det var så fælt at nokon ringte politiet. Ingen tenkte på den stakkars hesten som skulle stå der og iakkta mennesker på sitt verste – traumatisert for livet. Stakkars hest.
Ein annan ting som undrar meg, er at media ser ut til berre å ha telefonnummeret til Frp’arar når dei skal meine om flyktningar og alkohol. Eller kvinner, for den saks skuld. Enten det, eller så har Sandberg VG på speed-dial. Det undrar meg at nokon som berre meinar om desse tinga, kan kalle seg eit parti. Dei behandlar sakar som omhandlar alkohol som om det skulle vore snakk om mat til ungar i Afrika. Frp er, i bunn og grunn, imot folk. Men kebab skal dei ha. Og for dei er openbart denne langt viktigare enn nokon annan form for velferd.
Det sagt: Frp kvilar ikkje på laurbæra. Dei har nok ein gong funne ei fanesak av dei store. Gullegget kjem i form av ei slags leikegrind for flyktningar. Dei bør ikkje få gå fritt rundt i samfunnet, visstnok. Dette skal betre sikkerheita til norske asylmottak, og samfunnet ellers. Men om me ser på Frp-historikken, ser me at enkelte Frparar òg begår kriminelle handlingar. Hadde det ikkje vorte mykje betre i samfunnet om alle Frparar fekk mindre bevegingsfridom? Me kan lage ei eiga strand til dei, med utedass og piggjerde. Kanskje burde det berre vore menn der, tatt i betraktning det litt forskrudde kvinnesynet nokon Frparar har. Frps kvinner treng forresten ikkje ei eiga strand, for svært få kvinner vel eigentleg Frp. Eg veit ikkje om det seier mest om Frp eller om Siv Jensen.
Og på denne stranda, Frp sine fanesaker tru, skulle det vore ulovleg å lese. Ingen skulle fått tilgang på bibliotek. Jau, forresten, dei kunne fått lese bøker på hebraisk om dei var særskilt interesserte i dèt. Berre ikkje på norsk. Og homofile har dei jo ikkje i Frp, så heldigvis slepp dei sånne på stranda si. I det heile tatt avspeglar Frp lite av det samfunnet me har ellers. Me andre greier å forhalde oss til at samfunnet består av mange ulike individ, både kva livssyn, religion, legning og hobbyar angår.
Nei, då. Eg skal tole å leve i same samfunnet som Frparar. Til og med puste inn same lufta. For sånne folk må berre møtast med meir kjærleik og forståing enn andre – så går det nok godt til slutt, skal me sjå. Og det same vil eg seie om flyktningane i asylmottak. Frp må ikkje tru at alt blir så mykje betre om me stengar folk inne, eller lagar ei eiga strand til dei homofile. Om flyktningane veit me at dess lenger dei er i mottaket, isolert frå eit normalt liv – desto større fare er det for at dei utviklar angst og depresjonar. Skal Frp då betale den rekninga det kostar å få dei friske igjen? Eller billighetserstatning for all lidinga deira? For ikkje å snakke om kor problematisk det diverre er for mange å stå fram som homofile i dag. Eit aksepterande samfunn er til det beste for alle. I tråd med denne vekas nyheit om sinte folk og diagnosane deira, trur eg Frp må liggje lavt ei stund. Ta seg ein ferie eller noko. Eller ei pære, som far min brukar å seie til meg når eg oppførar meg dumt.
Her tidlegare i veka skulle eg kjøpe meg helseforsikring. Det var kanskje på tide, slik eg lev. Og skjemaet blei levert meg med et nervøst smil frå dama bak disken. Ikkje forstod eg kvifor, før eg kom heim og opna merakkelset. Mor mi lo godt då ho såg meg kome heim med skjemaet i handa og eit breidt smil om munnen, klar som eitt egg for å forsikre meg. «Kan du få sånt?», spurde ho. Og det er klart at eg får nok ikkje det. Eg ser det i dag. For eg var forkjøla ein gong for fem år sidan, og no rett før jul snufsa eg litt. Magemålet kunne vore litt meir A4, og røyken, enno eg røykar det mildaste av det milde – frisk fjelluft versjon 2, har eg ikkje sjans. At eg drikk raudvin annankvar fredag mens eg ser gullrekka er heller ikkje heilt greitt. Eg burde drukke to glas kvar kveld, tatt i betraktning at løpet er køyrt uansett no. For livsforsikring får eg ikkje – fordi eg vel å leve.
Det er kanskje ein grunn til at myndigheitene tilrår meir fysisk aktivitet tidleg i livet. Hadde det vore opp til somme av dei som jobbar der, trur eg det hadde vore yoga i klasserommet medan undervisninga pågjekk. Eg gler meg til mine born blir tjue,- dei får nok livsforsikring med ein gong, alle saman – som har vekse opp i dette idealsamfunnet som alltid veit kva som er best for alle. I dag skal alle vere like. Alle skal, når dei er ti år, like å hoppe og sprette og kaste seg over bukken. Før i tida var det vanleg at somme menneske var meir makelege enn andre. No får dei diagnosar. Hvis det er for mykje sprett i dei, er dèt ein diagnose. Sprett dei for lite er det ein annan. For me har bøker som beskriv den normale utviklinga vår frå fødsel til død, no. Dei som har lest alle desse bøkene, blir kalla utdanna. Akademikarar, om du vil. Og dei er her for å gjere livet surt for oss som ikkje passar inn i samfunnsforma. Mange av desse menneska veit så mykje meir om oss enn me gjer sjølv. Kanskje er det dei som har kreert det eg vil våge å kalle dagens samvitssamfunn. Eit samfunn som spelar på samvitet vårt. Det finst ei forklaring på alle våre helsemessige problem – og me er skuld i dei sjølv. Akkurat som grekerane er skuld i sin eigen fattigdom. Me ser det same over heile fjøla. Ansvarsfråskrivning, vil eg kalle det – ifrå dei som burde gjere noko med følgene – i staden for å leite etter syndebukken heile tida.
Men eg trur at det største problemet me har i dagens samfunn korkje er røyken eller lite aktivitet – det er samvitet. Samvitet kan gjere ein gal om det får lov. Det kan gnage verre enn ei bekymra mor når ein er femten og vil på fest med kjekkasane frå klassen. Det gir deg aldri fred. Eg lurar på kva Frp vil gjere med dette.
Det som fascinerer meg mest i nyhendet denne veka, er at det i Sola kommune er lettare for Gud å kome inn i bornehagen enn ungane sjølv. I dagens multikulturelle samfunn, burde Krf ha kome lenger. Det har dei ikkje. Kanskje burde dei og fått si eiga strand.
Men: Det er laurdag. Og her sit eg og skriv. Samvitet rakar meg ikkje. Eg har all verdas tid, for eg har fri i dag og i morgon. Jaja, eg burde jo forresten ha skrive ferdig musikkeksamen. Og begynt på eksamen i drama. Og vaska klede. Og jogga litt. I staden vel eg å setje fokus på kosen. Det er trass alt laurdag, og livet er godt som det er. Eg er god nok som eg er. Det er forresten du og.
God helg!

