Det Stavangerhistoriske bandet Mods er booka til Viking stadion den 9. juni neste år. Ein dato som for meg er heilag, som i fjor innehaldt Eagles, og som gjennom fleire år har skilta med store, internasjonale artistar.
Det er ikkje utan grunn at me «kultursnobbar» ropar «gje oss litt mer» i desse dagar. Javisst har eg respekt for Mods. Dei var store på si tid, og ein inngangsbillett for fleire suksessar i etterkant. Eg likar sangane, og eg er patriot – både for Rogaland og Stavanger. Og Mods. Samstundes veit eg at gjenforeningar sjeldan er nokon suksess – eg har personleg alltid oppfatta det som ei slag siste krampetrekning av patriotisme for eiga band og historie. Sikkert kjekt for artistane, men det engasjerar sjeldan meg. Og dessutan vil eg ha meir. Eg ønskar meg større ambisjonar for kulturbyen Stavanger.
Då me venta på at det store namnet for neste år skulle bli offentleggjort, var det høg og spent stemning – både på Twitter og Facebook. Rogalands Avis brukte ord som «spektakulært», og ikkje veit eg om det var avisene eller Viking Stadions talsmenn som skrudde opp stemninga. Forventningane var høge, og slikt kjem i alle fall ikkje utan grunnlag. Då eg først såg at det stod «Mods» på Rogalands Avis, trudde eg det var tull. Så såg eg det igjen, og tenkte at Mods skulle spele den siste krampetrekninga si på Folken eller noko neste år – folkelege som dei er. Eg tok feil. Dette var det «spektakulære», «store» namnet som skulle spele på den heilage datoen. Skuffelsen var komplett. Og forfallet likedan i mine augo. Medan eg venta på at det skulle kome ei ny melding i hovudet som sa at dette var feil, byrja eg tenke på «Me to går alltid aleina». Me gjer pigede det. Stavanger held seg for seg sjølv, i den lille kulturbobla si, kor me mimrar til det kjedsommelege om alt som har vore og fnys av nye artistar og band. Pinleg.
Tom Petty and the Heartbreakers er i Noreg neste sommar - kvifor blei ikkje dei booka? Eller nokon av alle dei andre som befinn seg i Europa/Skandinavia dette året? Personleg hadde eg blitt overlukkeleg for konsert med Shona Foster – utan å basere ønsket på at ho nødvendigvis befinn seg i området på den tida. Mitt store problem som ungdom i kulturbyen Stavanger, er mangelen på ny musikk. Nykultur. Anten må eg lika Numusic, eit slags jazz-møtar-techno-samansurium, eller så får eg halde meg til det gamle gode som far min kan fortelje meg alt om. Skal ikkje alle få? Og kva med alle dei nye banda som me har her i regionen i dag? Standarden er høg, kvaliteten til å ta og føle på. Kvifor brukar me ikkje dei meir? Kvifor kan ikkje mimrarane få sin eigen gamlisfestival, medan me andre får ein festival for alle dei som er i aktivitet i dag? Det er jo så utruleg mykje bra der ute – som må brukast!
Og så kom diskusjonane på rullande bånd. Den nokså krasse diskusjonen byrja med leirdanning, folk lagde alliansar og satte seg ned på kvar si tue med blazeren sin og det raude flaget. Fredspipa var ute av syne. Det var duka for kamp, mellom dei såkalla «kultursnobbane» og dei «folkelege». Uvisst kven som har navngitt kven. Seglande inn på bana kom Berntsen og Rogalands svar på Hans Wilhelm – hissige som få over at kultursnobbane hadde blanda seg inn i diskusjonen, enno dei ikkje hadde sagt det var greitt. Då eg etterkvart hadde byrja å forvente eit slags «min pappa er sterkare enn din»-preg over det heile, tok diskusjonen ei heilt anna vending: No var dei folkelege opptekne av blazerane og skjeggbusta til kultursnobbane. Eg kjente nesten at eg såg i sladrespaltane i Sjå&No. Savna berre terningkasta. Framleis sit dei og snakkar forbi kvarandre. Dei såkalla «folkelege» har kanskje vist seg minst verdige det tilnamnet, i si totale ignorering av bodskapen til motparten. Som eigentleg berre starta med ein skuffelse, og at folk gav uttrykk for dette. Dei som er så folkelege, burde skjøne at snobbane blei skuffa.
Denne diskusjonen laga dei plass til i media – både i NRK, på TVvest, i aviser og på radio. Ikkje minst i sosiale medier. Endåtil smøret måtte vike for denne viktige saka. Snobbesida har gjentatte gonger prøvd å forklare at dei blei skuffa, men blir møtt av ein vegg. Null forståelse. Uansett korleis dei har forklart det, og retorikken er tatt flittig i bruk, blir det møtt av motargumenter i staden for forståelse – og vilje til kompromiss. Øyvind Berekvam, som har vore i vinden som kultursnobb dei siste dagane, har forklart, og ikkje berre møtt dei på halvvegen – men òg spasert eit godt stykke over. Allikevel null respekt for deira ståstad. Heilt utruleg i 2011.
Er dette faktisk blitt ein diskusjon fordi ein part er skuffa, og den andre parten vil ha seg frabedt skuffelsen?
Berntsen har så langt rukke å gå i forsvar hundreognitti gonger, framstår usikker på sitt standpunkt og har enno ikkje byrja å lytta på motparten. Det har heller ikkje Jacobsen frå Rogalands Avis gjort. Hadde dei gjort det, hadde dei fort skjønt kva dette dreide seg om. Det er ein skuffelse over å bli snytt for dei internasjonale stjernene. Det er denne eine gongen i året ein har det håpet. Og Berntsen, som er talsmann for standpunktet, burde visst betre enn å fraseie seg kulturelt ansvar, slik han har gjort gjentatte gonger både i radio og på TV. Han seier òg at han ikkje har kompetanse på området. Urovekkjande for ein leiar av eit så stort konsept, og urovekkjande for den største konsertarenaen me har i heile regionen – som når den blei bygga, blei bygga blant anna på bakgrunn av at han skulle bli brukt til kulturelle formål òg.
Ja, Morten Abel – eg vil gjerne «hilsa på» deg. Og resten av bandet. Men ikkje den 9. juni. Eg forventar meg ein «revansj» av det store slaget, frå begge leirar – og forhåpentlegvis kjem det fleire, større konsertar når «ett år e gått». «Takk for nå».



Kommentarer