Nå er det god plass på fjorden. Dei fleste båtane er vinterfortøyde og nedpakka. Enkelte er til og med sette på land for vinteren. Ingen planar om ein rask tur på fjorden etter julatorsk eller turar etter ferdatorsken etter nyttår. Eg, for min del, meiner at det er nå på vinterstid du kan ha dei mest spektakulære timane på fjorden. Lyset over himmel og hav kan vera heilt fantastisk.
Kvinnfolk og ungar, klappstolar og utegrillar, solkrem og slikkepinnar. Alt slikt er kasta på land frå båten og frakta heim. Hausten er her. Nå startar den skikkelege båtsesongen for mannfolk. Dei som er naturbarn og dreg på sjøen for å hausta av det som havet har å by på. Akkurat nå er det hummarfisket det gjeld. Teinene er sjekka og vatna.
Moses rydda veg gjennom Raudehavet for sitt folk. Men Olav den heilage laga lei gjennom fjellet. Slik blei Korssund i Sogn og Fjordane til, er det fortalt. Dette året blei fjellkløfta frå sagatida forbetra med dynamitt. Gjestehavna med sagasus ligg rett nord for Sognefjorden, litt sør for Askvoll. Lunt, fredeleg og småkoseleg. Her er det butikk og alle dei nødvendigaste tilbod for dagens moderne båtfolk.
Kong Olav-statua skulle stå i Oslo. Men den havna i Skjerjehamn i Sogn og Fjordane. Den gamle handelsstaden er pussa opp og framstår i dag i fordums glans takka vera ein oppdrettskonge.
Båtfolk ser ned på bobil- og campingturistar. For båtfolket lever det glade fantelivet på fjorden. Men det er berre ein myte. Om nettene er dei fleste trygt plassert i gjestehavnene, sjøens campingplasser.
Landhandlaren på Erøy, Torbjørn Erøy, legg ned butikk og gjestehavn etter sommarsesongen. Båtfolka frå Rennesøy fortvilar. Dette blir siste påskeferien på Erøy.