Tatt til fange og pressa inn i baksetet i ei folkevognsboble og kjørt direkte i fengsel. Slik fall keisaren av Etiopia, Haile Selassie, frå makta 12. september 1974. Turen i folkevogna avslutta det fleire tusen år gamle etiopiske dynastiet. Eit år seinare døydde han av uklare grunnar i det same fengslet.
Ribba for alt av verdi, blei den ein gong så stolte ferja «Suldalsporten» senka ved Lalid i Suldalsvatnet natt til 4. juli 1979. Dei dåverande, utanbygds, eigarane hadde lova å fjerna det som var igjen av ferja etter å ha auksjon på alt som var laust om bord. Men dei hadde ikkje lov å senka den i vatnet. Men det var nettopp det dei gjorde. Det som var igjen, gjekk til botnar i vatnet. Torsdag 15.
- Pass deg for den store kjeften. Breiflabben hoppar fram og bit til. Tennene er sylskarpe og ledda. Viss den får handa di i kjeften og klemmer til, får du den ikkje ut igjen, åtvarar yrkesfiskar Eiliv Kloster. Han kjenner rekefiskarar som har fått foten i breiflabb-kjeften. – Den tabben gjer dei ikkje fleire gonger, seier han.
Sjokkert gjekk eg ned av badevekta. Fire kilo meir enn for to veker sidan. Har vekta gått frå forstanden? Er det tid for å skifta batteri på den digitale innretningen? Eit blikk i badespegelen var i grunnen nok til å forstå at vekta var korrekt. Magen sto som ein liten, raudsprengd sperreballong. Nokon atlet har eg aldri vore, men eit så nedslåande samtidsbilde har eg aldri sett i min eigen spegel før.
Ferdatorsken kan siga inn i fjordane våre kva dag som helst nå. Plutseleg kan det stå stimar med stor, grå torsk med flott rogn og ditto lever. Det er berre å hala opp det ein treng til å salta og frysa. Eg har personleg vore ute og prøvd to laurdagar i januar. Den 5. januar drog eg til Vignesholmane som ligg ut mot Boknafjorden mellom Rennesøy og Finnøy.
Tenk det du! Eit langt stykke om det rusta vraket av ein gammal rutebåt! Denne bloggen er eit utslag av den for mange uforståeleg store interessa for gamle fjordabåtar i vårt distrikt. Så lenge me lever, vil dei seila rundt i håvet vårt. Mange har hatt sin favorittar mellom båtane som for lengst er blitt borte. Det kjem an på kor ein var frå. Kvifor ein båt ein reiste med til og frå byen.
Eg har gått på gummisålar i årevis nå. Sjølv om Hjelmeland kommune innførte eiendomsskatt for fleire år sidan og eg har ei perle av ein fjellhytte-eiendom i kommunen, har eg ikkje fått noko skattekrav. Men eg må vedgå at eg fekk brev der eg blei orientert om den nye skatten. Etterpå har det vore stille. Hytta ligg på 600 meters høgde, heilt åleine ved eit lite vatn.
Mørkredde er eg ikkje. Men det er ikkje langt ifrå. Eg kjenner på det kvar gong eg er ute med båten i heil- og halvmørke. Mandag 10. desember klokka 7 om morgonen la eg ut frå båthavna i Dusavik med kurs for Bergen. Vêret var perfekt, vermeldinga likeins. Men det var mørkt. Derfor var eg ytterst forsiktig då eg tøffa utover Byfjorden med redusert fart.
- Han er min sang og min glede, Han er min Herre og Gud, Jesus i dine hender, jeg hviler til livets slutt. Frelsesarme-sangane ljoma i veggene på Bryne-puben Thime Station på onsdagskvelden. Pubgjengarane, 80 -90 i talet, song av full hals så mange fekk tårer i auene.
Ola Almenningen var drosjesjåføren for oss som vaks opp i den viktige delen av Hjelmeland kommune i 1950-åra. Då me fekk auer, såg me ein stor, lyseblå amerikaner, Ford Customline. Den kom kjørande med doktor eller prest eller kanskje ein ganske alminneleg Jørgen Hattemakar som ikkje hadde tid til å venta på rutebussen. Bilen var stor.
I dagens elektroniske tidsalder virkar det heilt steinaldersk. Men då den unge journalisten Oddvar Lavold sende avisartiklar med tilhøyrande foto frå det nystarta Ryfylkekontoret i Sauda til hovedredaksjonen i Aftenbladet i 1961, var det ikkje berre å trykka på ein knapp og vips var stoffet på avisdesken i byen.