- Vett du kor alle 17. mai-talarane er resten av året? Nå skal du få vita det. Dei jobbar som sjefar i Aftenbladet. Ein gong i eit litt opphissa øyeblikk for mange år sidan, sa eg omtrent akkurat desse orda på eit møte i Aftenbladet. Då var det ein eller annan redaktør som hadde bestemt noko som var heilt umuligt å få utført i praksis.
- Eg kan ikkje hugsa at det har vore ein så lang, kald og turr vinter og ein så sein og sur vår. Vanlegvis har me det svært hektisk akkurat nå. Folk kjem reisande for å kjøpa hageplanter av alle slags slag. Til nå i år ligg salget på toppen 15-20 prosent av det normale, fortel gartner Henry Ådland på Eidssund på Ombo. For to-tre dagar sidan såg han nysnøen låg i liane ovanom husa.
- Politikarane her i distriktet vil avskaffa kollektivtrafikken, sa eit par NRK-folk som eg kjørte frå Sola til Konserthuset i samband med det store Spellemann-showet som blei avvikla her i Stavanger for ei tid sidan. Eg prøvde forsiktig å forsvara lokalpolitikarane. Men nå har eg gitt opp.
Stavanger-rederiet Norled og Sjernarøy-rederiet L. Rødne og Sønnner har nå gjort omtrent reint bord i Hordaland og sopa inn det som finst av hurtigbåt-kontrakter i vårt nabofylke. Kontraktane gjeld frå kommande årsskifte. Skyss, Hordalands svar på Kolumbus, har nyleg tildelt to kontrakter til Norled. Dette gjeld hurtigbåt-rutene i Sunnhordland.
- Du skal ikkje bli buss-sjåfør. Når du blir større, skal du komma deg ut og gå på skular og få deg ein skikkelige jobb, sa far min, ganske bestemt. Akkurat som ikkje buss-sjåfør var ein skikkelige jobb. Det sat ganske langt inne for ein guttunge å forstå det. Før var det snakk om arv og miljø. Kaffor blei folk som dei blei? Hadde dei arva dette eller var det oppvekstmiljøet som forma dei.
Ukjende Finnøy-turistar og folk som blir sende til Finnøy kommune på tilfeldige jobb-oppdrag blir robba for millionar i fotoboksane i Finnfast-tunnellen kvart år. I fjor blei det betalt inn i nesten 3 millionar kroner i fartsbøter av bilistar som vart tekne i Finnfast. Finnøy-lensmannen seier at det store fleirtalet av fartsovertredarane er folk som aldri har kjørt bil til Finnøy før.
Rennfast-bilistane har senka farten og talet på fartsbøter har gått drastisk ned i tunnellen under Byfjorden. Dei nye fotoboksane i Byfjordtunnelen har ført til at bilistane som kjører gjennom den undersjøiske tunnelen har mykje større respekt for den fastsette fartsgrensa enn tidlegare. Dette viser tala frå den automatiske fartskontrollen frå Rogaland politidistrikt i 2012.
Finnfast-bilistane punga ut med 3 millionar kroner i fartsbøter i fjor. Pengane susar inn i statskassen i like stor fart i år. Finnøy-kjendisen Øyvind Hebnes, tidlegare eigar av Øyposten og tidlegare Senterparti-leiar har nyleg punga ut med 6500 kroner i bot for å ha kjørt 83 kilomteter i timen i 60-sonen nede i Finnfast-tunnelen. - Eg sat og høyrte på NRK-lokalen og gløymte meg heilt ut.
Då Jonny Nilsson ydmyka dei norske skøyte-ikona og heile det norske folk på søndagsmorgonen 24. februar 1963 i Karuizawa i Japan og blei verdensmeister på skøyter, sat eg på Laugaland og småfraus og høyrte radio i bussen som faren min kjørte rundt med til dagleg. Det fanst ikkje straum å oppdriva på Laugaland så langt utpå den vinteren. Alt disponibelt vatn var tappa ut eller frose til istappar.
Fredag morgon klokka seks drog Gustav Tveit og Einar Helland frå Vikevåg på Rennesøy utover Mastrafjorden med Gustav sin nye, fine sportsfiskarbåt. Det var ikkje skikkeleg lyst ein gong, men ein nydeleg morgon med litt kald austavind. På nordsida av Rennesøy, i kanten av Boknafjorden, gjekk pilkane i sjøen. Gustav Tveit er best kjent som smeden på Rennesøy.
Eit yrande liv ved fiskemottaket på Bru dei siste dagane. Tonnevis med fisk, torsk, lyr, sei og hysa, er levert av dei lokale sjarkfiskarane som nå har funne fisken som jaktar på dei store sildestimane som har trekt sørover langs kysten for å gyta. - Eg har fått omlag 3 tonn med fisk dei siste to-tre dagane, fortel Eileiv Kloster frå Rennesøy.