Ni norske passasjerar, ni av mannskapet, 17 russiske og polske kvinner og eit ukjent antal tyske soldatar mista livet. Det ubevæpna nattruteskipet «Austri» blei angripe av britiske fly, sett i brann og gjekk ned rett sør for Leirvik om morgonen den 21. februar 1945. Ved nattrutekaien på Leirvik på Stord heng minneplata som fortel historien om Austri-forliset.
Berre dei aller tøffaste journalistane vågar å kritisera advokatar. Då risikerer dei ein bakoversveis dei kan bli gåande med i årevis etterpå. For advokatar som lever av å kritisera og påpeika feil ved folk og fe, tåler ikkje at andre vågar å antyda at heller ikkje hans nåde advokaten er feilfri.
Gamle og upålitelege ferjer i Tau-sambandet og i turistruta til Lysebotn har fått nakkehåret til å reisa seg på mange reisande dei siste vekene. Men går det ikkje an å snu dette til noko positivt. Mitt forslag er å lokka pengesterke folk frå Sunnhordland og resten av Hordaland til å komma til Stavanger for å sjå igjen dei gamle ferjene sine. Hallo alle ferje-elskande sunnhordlendingar.
- For mange kommune-tilsette, for mange kommunale tenester på altfor mange plassar. At Hjelmeland med 2800 innbyggjarar har to institusjonar for eldre, er uhøyrt i Norge. Med andre ord: Her blir det oppseiing av kommunetilsette, reduksjon av kommunale tilsette og truleg nedlegging av ein av dei to eldreinstitusjonane i Hjelmeland. Dette er eit ørlite spissa samandrag av ein artikkel i lokalavisa Strandbuen fredag 8.
Ein syklist kom flyvende over panseret på en grå BMW i krysset Revheimsveien – Treskeveien ved 7.15-tida tirsdag morgen. Sykkelen ble ikke med på flyveturen. Den lå igjen der den traff bilen. Bare syklisten føk over panseret og ble liggende i veien, lettere skadet heldigvis. I Aftenbladets nettutgave sto det senerer på dagen at den 19-årige bilføreren fikk førerkortet beslaglagt.
Vårt norske hus er fullt av polakkar. Dei er alle vegar. Tusenvis av tømmermenn, malarar, anleggsarbeidarar, tomat- og jordbærplukkarar og arbeidsfolk av alle slag. Som deltidssjåfør i Boreal Transport det siste året har eg møtte mange av dei. 250 polakkar kjører grønne Kolumbus-bussar i Sør-Rogaland i dag. Flotte folk, spør du meg. Men ikkje lette å snakka med.
Det romantiske og koselige med å pussa båt tidleg på våren, har eg aldri heilt forstått. Men viss du er typen som likar å stå ute i iskald nordavind tidleg på våren og vaska og bona bilen din, må du augneblinkeleg skaffa deg båt. Eg ventar alltid til det verste rushet har lagt seg på slippen i båthavna. Ut i mai tek eg meg ein tur ut og undersøker koss det ligg an med å få komma på land med båten.
Den vakre ungjenta som drog til USA og erobra milliardær-arvingen Steven Rockefeller og mange lekre bussar med feminine og avrunda former. Slike bilder får eg i skallen når Søgne blir omtalt. Jenta først. Det gjorde et kjempeinntrykk på meg og alle andre oppveksande i 1959 då friaren frå Amerika dukka opp på motorsykkel i Søgne med familiens tidlegare au pair på baksetet.
Eine dagen tok nostalgiske sogningar og fjordingar avskjed med snøggbåtane frå Fjord 1 med musikk, blomar og flagg. Neste dag var dei same båtane tilbake på dei same kaiane med rederiflagget til Stavangerske i masta i rute for det Stavangerske sitt ruteselskap, Norled. Nord og ned, er ein av mange syrlege kommentarar frå fylkesbåt-nostalgikarar i eit av dei tynnast befolka fylka i landet.
Rutebåten «Høle» hadde ein kort, men intens karriere i Ryfylke. Denne båten blei bygd i Sverige for å bli rutebåt i Danmark. Havna på Sørlandet, men enda etterkvart i Ryfylke. Den hadde ein del til felles med «Jøsenfjord».
Fredag 18. mai 1962 sto lovorda i kø då Høgsfjord Rutelag viste fram den flunkande nye ferja «Høgsfjord». Men akk. To dagar seinare var det søndag. Då viste det seg at ferja skulle vore mykje større. 50-årsjubileet for Høgsfjord-sambandet er berre tre veker unna. Det er tid for litt ferje-mimring.