Til Aftenbladet.no

Blogg

Jonebloggen

Du er her: Blogg » Jonebloggen » Med motvind blir det langt til Lofoten

Med motvind blir det langt til Lofoten

Dato:16 jun 2014
Av:Jone Laugaland

Spinngale av meg å gå ut og forkynna at me har dradd av garde til Lofoten. Ein irriterande motvind lagar problem for framdrifta. Blir det slik i fleire veker framover, er turen avlyst. Sjølv Florø er eit fjernt mål akkurat nå. Nå ligg båten vår godt surra fast til ei flytebrygga i Korssund i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Jakob Sande skreiv ein gong eit dikt om då Gud held fest i Fjaler, for oss er det definitivt lite festleg.

Laurdag 14. juni klokka 11.30 starta turen for alvor mot Lofoten. Då kasta me loss på Erøy i Erfjord og sette etterkvart kursen mot nord. På yr.no var det antyda ein del vind på Sletta nord for Haugesund, men der var det heilt fritt for vind. Me passerte Ryvarden fyr uten å ha sett antydning til sjøskvett. Så lett var det. Snart i Lofoten, tenkte me då.

Lett å passera Ryvarden fyr når Sletta ligg heilt flat.

 

Klokka 16.15 laurdag ettermiddag låg båten trygt til kai på Rubbestadneset på Bømlo. Det blei ein avslappande kveld og ei god natt.

Men på søndag føremiddag begynte nordavinden å grina mot oss. Sjøen dreiv og skvetta over oss nordover mot Bergen. Ingen vits i å pressa seg fram på fjorden med stor fart i slikt vêr. Det var berre å gå med redusert speed mot nord. Omtrent ved Sotra kom det ein gammal kjenning mot oss. Det gamle hurtigruteskipet «Nordstjernen» var  på veg sørover i leia. Den skal visstnok driva med cruise-trafikk langs norskekysten i sommar.

Det går jo litt diesel med motorbåt. På ein holme ved Askøy var literprisen på  kroner 9,97. Kanskje blir dette det billigaste drivstoffet på denne turen.

Ferda gjekk vidare gjennom Alverstraumen, midt i Ivar Medaas-land. Deretter forbi Mongstad og snart kryssa me Fensfjorden og fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Sjølv om det var motvind, var det ikkje umulig å ta seg fram. Klokka 17.10 kunne me fortøya i gjestehavna på Hardbakke i Solund kommune. Der var det sol, men litt kaldt. Eg var jo sikker på at eg var kommen til ein nynorsk-bastion då eg gjekk i land i Sogn og Fjordane. Men på puben var det berre råd å gjera seg forståeleg på engelsk for å få servering der.

Hardbakke er administrasjonssenter i Solund komune og ei populær gjestehavn for båtfolk.

 

I dag klokka 10.50 gjekk turen vidare frå Hardbakke. I morgon skal nordavinden spakna, ifølge Yr. Då gjeld det om å peisa på over Stadt. Vinden var så pass frisk  på vegen vidare at stemninga dalte kraftig i båten. Ikkje aktuelt å gå vidare til Florø eller Måløy i dag.

Derfor ligg me nå på gjesteplassene i Korssund og kjenner på sola som varmer  på markblomstrane på bordet trygt under ei solvarm kalesja.  Håpar yr.no får rett i morgon.

 

 

 

Søk Jonebloggen


Jonebloggen

Jone Laugaland
Jone Laugaland

Pensjonert Aftenblad-journalist, fødd 1949. Starta i Aftenbladet i januar 1977 og gjekk av 1. mars 2011. Har blogga i fleire år på aftenbladet.no.

Siste innlegg

Rekordar i kø for moreller, plommer og eple!
13 aug, 2014
Påkosta og flott for båtfolk på Vadholmen
05 aug, 2014
Det uoppklarte ferjetjuveriet
20 jul, 2014
Presten trudde smeden var stormannsgalen
16 jul, 2014
Frå kokain-trafikk til fredeleg fraktfart
10 jul, 2014
Båtferie - som å bu under kjøkkenbordet
21 jun, 2014
Men Kristiansund er ikkje Lofoten!
18 jun, 2014
Med motvind blir det langt til Lofoten
16 jun, 2014
Til Lofoten - om Erøy
14 jun, 2014
Moseldalen, Jørpeland eller heller her?
12 jun, 2014

Siste fra Aftenbladet Blogg

Jøsusbloggen:
Slik er det med den saken
Jøsusbloggen:
Tro deg trent
Jøsusbloggen:
Prostata i ratata
Jøsusbloggen:
Hver gang vi møtes
Jøsusbloggen:
I det dype hjørnet
Fra provinsen:
Når parodien er løgnere enn virkeligheten
Jøsusbloggen:
Jeg hadde rett
Fra provinsen:
Send Tina Bru og Roy Steffensen på kortkurs
Jøsusbloggen:
Se min kjole
Fra provinsen:
Jeg er den evige Pål Morten Borgli

© Copyright 2012 Mediehuset Stavanger Aftenblad