
Jehans-Jone og Sofia med ungane Johannes og Anna. Bildet er teke i Stavaner kring 1880. Johannes overtok garden på Laugaland. Søstera Anna blei gift til Hagalid.
Det var den vakre Anna Hauge tippoldefaren min hadde sett seg ut som jenta han ville ha. Ho budde på Nedre Hauge (Nera Haua) i Jøsenfjorden. Tippoldefar heitte Johannes (Jehans) og var 0delsgutt på Laugaland i Vormedalen.
For snart 200 år sidan var det meir komplisert med damejakt enn i dag. Mobiltelefonen var ikkje oppfunnen. Bil og rutebåt var heller ikkje komme på tale. Frå Laugaland måtte friaren gå ei halv mils veg ned til Tøtlandsvik. Derifra måtte han ro til Jøsenfjorden og Haua.
For å komma nokon veg med ærendet sitt, var det ikkje berre viktig for friaren å innynda seg hjå jenta, foreldra måtte også vinnast. Det var aller viktigast. Dei fekk ikkje ei jenta frå ein av dei beste gardane i fjorden utan velsigning frå foreldra.
– I Jøsenfjorden budde gjeve slekter på gardane Østerhus, Vadla og Haua. Me skal ikkje undrast på at Jehans var både nervøs og redd for korleis han ville bli motteken av den svært så myndige husfrua, Marta, som styrde både stakk og brok på Hauagarden, fortel min barndomskamerat frå Vormedalen, Ingvar Biørnhus. Han veit det meste om det som har skjedd i Vormedalen og nabobygdene dei siste 3-400 åra.
Det er ei kjent sak at dei fleste frå Laugaland kan vera litt blyge når dei kjem ut. Iallfall til dei er husvarme. Slik var det nok med tippoldefaren min også. Han hadde teke med seg både eit par jamaldringar og ein del brennevin på friarferda. Turen tok tid og det var lite brennevin igjen då ungdommane frå Vormedalen drog båten opp i stranda på Haua i Jøsenfjorden. Dei var litt ustøe på føtene då dei endeleg var kommen opp til husa på Haua.

Vormedalen i Ryfylke i nyare tid. Gardane i framgrunnen på bildet ligg på Laugaland.
Dei var etter måten velståande på Haua. Men dei sløste ikkje. Det brann berre eit lite lys på bordet då dei unge mennene frå Vormedalen steig inn i røykstova der folka på garden sat samla. – Tenn tri långe ljos for Johannes Olsen Løgeland, sa tippoldefar mens han litt ustø på beina gjekk mot bordet. Han snofla og datt og blei liggjande på kne med haka på bordkanten. Myndige Marta kvesste i: – Eg meiner at den litle ljosastubben passar vel til deg, din størrelse og din stand, sa ho.
Nå skal ingen i Jøsenfjorden le så forferdeleg høgt av denne soga. For tippoldefar min lukkast med damepr0sjektet sitt i fjorden. I 1832 blei den 30 år gamle Johannes og 22-årige Anna gifte. Dei fekk ni ungar. Sju av desse vaks opp. Og den eldste sonen og odelsgutten til Laugaland, Ola, sa frå seg garden på Laugaland. Han gifta seg med kusina si som var odelsjenta eller jordajenta på Nera Haua. Han har tallause etterkommarar både i Jøsenfjorden og resten av Rogaland.
Ola som fôr til fjorden, var oppkalla etter bestefaren på Laugaland. Med han forsvann Ola-navnet frå den slekta. Dermed blei det den yngre broren, Jone, oppkalla etter morfaren i Jøsenfjorden, som blei bonde på Laugaland og oldefaren min. Slik kom Jone-navnet inn i slekta.
På Laugaland var det mange som hadde dette navnet. For å halda denne Jone frå dei andre, blei han i daglegtalen kalla Jehans-Jone. Ola-navnet var også mykje brukt. Ein av desse blei kalla Jens-Ola. Då han fekk ein son som blei døypt Jone, blei det Jens-Ola-Jone. Og broren blei sjølvsagt kalla Jens-Ola-Ola. For oss i dag høyrest det kanskje forvirrande ut, men for 150 år sidan hadde dei betre tid til å høyra etter og få med seg kven det var snakk om.
Om Jehans-Jone er det ikkje fortalt at han måtte mota seg opp for å dra på friarferd. Han gjorde det meir elegant enn som så. Ein søndag føremiddag då alle dei vaksne på garden var reiste til kyrkje i Hjelmelandsvågen, sat Jehans-Jone ute i sola på døra-hella. Sofia, nabojenta på Ånensgarden, kom ut og sette seg på dørstokken i Ånensstova. Årsaka til at desse to ikkje var til kyrkje, veit me ingenting om.
Kanskje var det bra at det var folk igjen i husa i tilfelle det skulle skje noko. Avstanden mellom husa var ikkje større enn at dei kunne snakka saman uten å gaula og gapa. Koss orda fall, veit eg ikkje. Men det blir fortalt at Jone gjorde det klart for den åtte år eldre (!) nabojenta at han var glad i henne og ville ha henne til kone. Slik blei det.
Då resten av folket på Laugaland kom heim frå kyrkja, var Sofia og Jone eit par. Du forstår det, at tida gjekk når dei på Laugaland drog til kyrkjes. Fyrst måtte dei gå til Tøtlandsvik, så måtte dei ro ut Jøsenfjorden til Hjelmeland. Dagen gjekk før dei var heime igjen.
Sofia og Jone gifta seg i 1867. Dei fekk tre ungar som levde opp. Tippoldefar min døydde i 1866. Så oldefar Jone hadde overteke garden då han gifta seg.
Jone var i utgangspunktet ikkje nokon arbeidsmann. Han hadde evner som ville vore betre nytta om han hadde fått seg skulegong og utdanning, blei det sagt om min oldefar i Vormedalen. Dåverande sokneprest i Hjelmeland, Johan Gotlieb Thaulow, gav han dette skussmålet: ” Udmærkede Evner og kundskaber. Rosværdig Flid og Opførsel. ”
På denne tida var det berre ein mann som kunne lesa og skriva skikkeleg i Vormedalen. Han hadde oppgåva som lokal skrivar når viktige avtalar og kontraktar skulle setjast ned på papiret. Oldefar Jone overtok etterkvart dette arbeidet.
Ingvar Biørnhus fortel: Jehans-Jone blei bodsend når bonden på garden skulle gje seg og folgebrevet skulle skrivast. Jone forfatta dokumenta på ein klar og forståeleg måte, gjorde seg flid og hadde eit stort arkiv av kopiar og nedskrivne dagbøker.
Dessverre vart alt dette bore på bålet då dei skulle reinska opp i etterlatensskapane hans då han var død. Hysteriet om smittefaren var årsaka til dette. Når Jone skulle ut på desse oppdraga rundt om i bygda, hadde han med seg naboen Jens-Ola-Jone som skulle bevitna dei skrivne dokument. Årsaka til dette var nok at han kunne skriva navnet sitt, i motsetning til andre der i bygda. Jehans Jone skreiv under med J.J. Løgeland. Naboen meir gammaldags, Johne Olsen Løgeland.
Jehans-Jone, eller J.J. Løgeland, om du vil, døydde i 1891, 48 år gammal. Sonen Johannes var då 17 år gammal. Då var det han som fekk ansvaret for å driva garden vidare.
(Det meste av faktiske opplysningar i denne bloggen har eg fått frå Ingvar Biørnhus. Eg tykte dette var interessant stoff som eg har flikka litt på i håp om at det kunne bli interessant lesestoff for meir enn tjukke slekta. Difor laga eg også ein ganske tabloide tittel. )