Til Aftenbladet.no

Blogg

Jonebloggen

Du er her: Blogg » Jonebloggen » Kong Haakons blekk bleikna på Helgaland

Kong Haakons blekk bleikna på Helgaland

Dato:31 okt 2013
Av:Jone Laugaland

Anna Helgaland bøtte mange par sokkar i sitt liv. (Foto: Oddvar Lavold)

Kammertjenaren til kong Haakon gjorde ein tabbe den 26. januar i 1953. Han gav kongen ein penn med dårleg blekk. Haakon R skreiv kongen med si lett kjennelege handskrift på diplomet der det blei dokumentert at Anna Helgaland hadde fått kongens sølvmedalje for lang og tru teneste som vêrobservatør. Medalje og diplom blei sendt frå slottet i Oslo til Hjelmeland kommune.  Ordførar Georg Vika gjekk eins ærend på eigne føter frå Kleivaland til Helgaland for å overrekkja kongens heder til Anna.

I Aftenbladet sto det ei notis om saka 19. mai 1953:

Notis i Aftenbladet 19. mai 1953.

Både medalja og diplomet blei hengd opp på veggen i bestestova på Helgaland. Alle som kom til gards fekk sjå kva Anna hadde fått frå kong Haakon. Alle fire syskena på Helgaland var like stolte av at kongen hadde hugsa på dei oppe på fjellgarden mellom Vormedalen og Trodla-Tysdal. Kong Haakon var omtrent for ein halvgud å rekna i etterkrigsåra. Han hadde stått rank og trufast opp mot fiendane våre under krigen og berga landet frå tysker-tyranniet.

Kongediplomet frå 1953 er vel bevart, men kongen si underskrift forsvannn på eit par års tid. (Foto: Einar Helgaland)

Men trur du ikkje at underskrifta til kongen begynte å bleikna etter kort tid. Etter to-tre år var den ikkje å sjå lenger. Når folk fekk sjå helsinga frå kongen, peika Anna på staden  der det hadde stått Haakon R. – Akkurat der hadde kongen skrive navnet sitt, sa Anna.

 

Dei fire syskena på Helgaland i 1960 rett før dei flytta frå garden. Frå venstre: Eldrid, Anna, Ånen og Lars. Dei var ti sysken i alt. (Foto: Oddvar Lavold)

Dei fire ugifte syskena på Helgaland, Lars, Anna, Ånen og Eldrid, var umåteleg gjestfrie. Alle som kom til Helgaland blei serverte og trakterte i bestestova med alt det beste dei hadde å by på. I tillegg fekk dei sjå sølvmedalja og diplomet frå Kongen.

I over 40 år observerte Anna vêret. I den inngjerda hagen utanfor huset sto eit stativ med måleglaset der nedbøren blei samla opp. Kvar dag noterte  ho nedbørsmengde og temperatur på Helgaland. Desse opplysningane blei sende i posten til Meteorologisk Institutt.

Seinare kom det ordre om at vêrobservasjonane frå Helgaland skulle ringjast inn kvar dag. Dette blei i det meste for Anna. Tenk rikstelefon frå Helgaland til Oslo kvar dag!

– Ho ordna det slik at ho fekk dama på telefon-stasjonen på Laugaland, Anna Johanna, til å ringja til Oslo for seg, fortel 79-årige Rolf Torjusen frå Sandnes som har feriert på Helgaland heilt sidan 1943.

Det mangla aldri på arbeidsoppgåver for Anna på den veglause, straumlause fjellgarden. Systera Karina (1885 – 1949) tok seg av matstellet. Anna tok seg av det som blei rekna for kvinnfolk-arbeidet i fjøset og utandørs. Ho håndterte både rive og stuttljå med godt handlag. Og humøret og den lune replikken var der alltid.

– Tenk, nå er krigen slutt før eg fekk sjå ein einaste levande tysker, sa ho ein gong og smilte litt. Innerst inne var ho nok glad til. Systera Eldrid hadde vore i Stavanger under heile krigen som hushjelp og husholderske hjå familien Koch. Ho fekk møta både tyskarar og norske nazistar. Ho flytta heim til Helgaland i 1949 då systera Karina døydde.

Men Anna og syskena var ikkje folkesky eller aldeles heimfødingar. Fleire gonger i året reiste Anna på besøk til syskena sine. Ho hadde to systrer, Taletta og Olava, som var gifte og budde på Jøsneset 0g to brør, Torkel og Olaus, som budde i Askvik, rett utanfor Hjelmelandsvågen. Frå Helgaland måtte dei gå til Laugaland der dei kunne reisa med buss til Hjelmeland.

Det blir fortalt at ein gong i sine yngre dagar bar Anna den 17 år yngre veslesystera Eldrid på ryggen gjennom den svært ulendte Djupedalen mellom Kleivaland og Helgaland. Då veslejenta ikkje orka å gå lenger, såg ikkje systera anna råd enn å ta henne på ryggen.  Her er det svært uvanleg å ferdast i dag.

På sine eldre dagar fekk Anna skikkeleg skyss. Ho blei alvorleg sjuk ein gong på 1950-talet. Inneklemt brokk, ifølge nevøen Torger Helgaland. Då kom det helikopter til gards for å bringa pasienten til sjukehuset i byen. Ei storhending på denne tida. Eg har også høyrt at ho blei frakta heim igjen til Helgaland med helikopter, men det har eg ikkje fått bekrefta.

Då Helgaland blei fråflytta i oktober 1960, sat 83-årige Anna  på hesteryggen ned til Kleivaland. Det same gjorde den ett år eldre broren Lars. Mange bygdefolk, både frå dei andre fjellgardane, Ritland og Kløv, og nede frå Vormedalen hjelpte til med flyttinga. Det var ein bygdedugnad.

Mange var også med då det det var dødsfall på garden. Det var tradisjon at ein starta sørgehøgtida heime før kista blei frakta ned til bygda til bedehus og kyrkjegard. Mange måtte vera med på å skifta om å bera.

Då 87-årige Tormod Helgaland døydde i 1935, blei åtte av dei 10 syskena fotograferte ved kista til faren heime på Helgaland før kista blei boren og kjørt til kyrkjegarden nede i Vormedalen.

Åtte av dei 10 syskena på Helgaland samla ved faren si kiste i 1935, før kista skulle fraktast ned til kyrkjegarden i Vormedalen. Frå venstre: Anna, Lars, Karina, Torkel, Olava, Olaus, Ånen og Eldrid. Syster Taletta var død og Kornelius var i Amerika.(Bildet tilhøyrer Torger Helgaland)

 

Anna og dei tre andre syskena flytta fyrst til Breiland og seinare til Pundsnes nede på Hjelmeland. Ho levde i åtte år etter at ho flytta frå Helgaland. Ho feira 90 års dagen og fekk fin omtale i Aftenbladet:

Anna feira 90 års-dagen på Hjelmeland. Frå Aftenbladet 22. mars 1967.

Anna Helgaland døydde 21. august 1968 og er gravlagd på kyrkjegarden på Hjelmeland. Ei kvinne som hadde ein lang arbeidsdag bak seg. Ho var beskjeden og gjorde lite av seg.

Men kong Haakon skreiv diplom til henne, rett nok med blekk av dårleg kvalitet, og ordførar Georg Vika kom eins ærend til Helgaland for å overbera den kongelege heideren. Slett ikkje alle som fekk oppleva slikt.

(Dette var blogg nummer to om fjellgarden Helgaland og dei fire syskena som budde der då eg var guttunge. Det kjem meir bloggestoff frå fjellgarden Helgaland i dagane som kjem)

 

 

 

 

 

 

Søk Jonebloggen


Jonebloggen

Jone Laugaland
Jone Laugaland

Pensjonert Aftenblad-journalist, fødd 1949. Starta i Aftenbladet i januar 1977 og gjekk av 1. mars 2011. Har blogga i fleire år på aftenbladet.no.

Siste innlegg

Rekordar i kø for moreller, plommer og eple!
13 aug, 2014
Påkosta og flott for båtfolk på Vadholmen
05 aug, 2014
Det uoppklarte ferjetjuveriet
20 jul, 2014
Presten trudde smeden var stormannsgalen
16 jul, 2014
Frå kokain-trafikk til fredeleg fraktfart
10 jul, 2014
Båtferie - som å bu under kjøkkenbordet
21 jun, 2014
Men Kristiansund er ikkje Lofoten!
18 jun, 2014
Med motvind blir det langt til Lofoten
16 jun, 2014
Til Lofoten - om Erøy
14 jun, 2014
Moseldalen, Jørpeland eller heller her?
12 jun, 2014

Siste fra Aftenbladet Blogg

Jøsusbloggen:
Slik er det med den saken
Jøsusbloggen:
Tro deg trent
Jøsusbloggen:
Prostata i ratata
Jøsusbloggen:
Hver gang vi møtes
Jøsusbloggen:
I det dype hjørnet
Fra provinsen:
Når parodien er løgnere enn virkeligheten
Jøsusbloggen:
Jeg hadde rett
Fra provinsen:
Send Tina Bru og Roy Steffensen på kortkurs
Jøsusbloggen:
Se min kjole
Fra provinsen:
Jeg er den evige Pål Morten Borgli

© Copyright 2012 Mediehuset Stavanger Aftenblad