Til Aftenbladet.no

Blogg

Jonebloggen

Du er her: Blogg » Jonebloggen » Laga hål i «Jøsenfjord»-stål

Laga hål i «Jøsenfjord»-stål

Dato:22 sep 2013
Av:Jone Laugaland

 

«Jøsenfjord» har stått på slippen i Dåfjord sidan 4. september. (Foto: Vidar Johannes Hauge)

 

Sidan 4. september har «Jøsenfjord» stått på slipp i Dåfjorden på Stord. Nå blir skroget reingjort under vasslinja. Dermed kan ein avdekka eventuelle svake punkt i dei gamle stålplatene og sørga for desse blir reparert før ein malar opp skroget og set veteranbåten på sjøen igjen.

Cato Jensen og Lars Randa i arbeid med å sjekka tilstanden på «Jøsenfjord»-skroget på slippen i Dåfjord. (Foto: Vidar Johannes Hauge)

– Eit sandblåsingsfirma har vore i sving med båten og nå er 70 pr0sent av skroget ferdig reingjort. I samband med sandblåsinga har ein laga nokre hål, men dette er ikkje uvanleg når ein går over eit slikt gammal farty på denne hardhendte måten. Desse håla blir reparerte. Akkurat nå er også botnventilane tekne ut slik at dei kan bli sjekka og kontrollerte. Det er viktig at å forhindra at ein får ubehagelege overraskingar når båten er på sjøen igjen, seier sekretær i Andelslaget MS Jøsenfjord, Cato Jensen. Han reknar med at «Jøsenfjord» er tilbake på sin faste liggeplass i Sandangervågen på Randøy i løpet av hausten.

15. juni kasta «Jøsenfjord»-mannskapet fortøyningane på Randøy. Då blei båten taua til Stord. Det er utført ein god del dugnadsarbeid også medan båten har vore i Dåfjorden.

Folk frå Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter i Kristiansand har fått oppdraget med å laga ein tilstandsrapport om «Jøsenfjord». Dei skal gå over heile båten medan den står på slippen.

– Nå rapporten er ferdig må me setja oss ned og planleggja den vidare framdrifta i restaurasjonsarbeidet, seier Cato Jensen.

«Jøsenfjord» kom tilbake til Ryfylkefjordane for eigen maskin 20. april 2011 etter over 30 år i Nederland. Båten blei bygd ved Christiansands Mek. Værksted i 1886 for Actieselskabet Dampskibsselskabet Lindesnæs og fekk navnet «Lindesnæs. I 1930 kjøpte Jøsenfjord Rutelag dampbåten. I 1934 blei dampmaskinen teken ut og erstatta med ein Wichmann dieselmotor på 300 HK. Denne motoren står stadig i båten og skal vera den einaste igjen av denne maskintypen. I 1962 blei «Jøsenfjord» ombygd og påsett bildekk.

70 prosent av skroget på «Jøsenfjord» er nå ferdig sandblåst (Foto: Vidar Johannes Hauge)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Søk Jonebloggen


Jonebloggen

Jone Laugaland
Jone Laugaland

Pensjonert Aftenblad-journalist, fødd 1949. Starta i Aftenbladet i januar 1977 og gjekk av 1. mars 2011. Har blogga i fleire år på aftenbladet.no.

Siste innlegg

Rekordar i kø for moreller, plommer og eple!
13 aug, 2014
Påkosta og flott for båtfolk på Vadholmen
05 aug, 2014
Det uoppklarte ferjetjuveriet
20 jul, 2014
Presten trudde smeden var stormannsgalen
16 jul, 2014
Frå kokain-trafikk til fredeleg fraktfart
10 jul, 2014
Båtferie - som å bu under kjøkkenbordet
21 jun, 2014
Men Kristiansund er ikkje Lofoten!
18 jun, 2014
Med motvind blir det langt til Lofoten
16 jun, 2014
Til Lofoten - om Erøy
14 jun, 2014
Moseldalen, Jørpeland eller heller her?
12 jun, 2014

Siste fra Aftenbladet Blogg

Jøsusbloggen:
Slik er det med den saken
Jøsusbloggen:
Tro deg trent
Jøsusbloggen:
Prostata i ratata
Jøsusbloggen:
Hver gang vi møtes
Jøsusbloggen:
I det dype hjørnet
Fra provinsen:
Når parodien er løgnere enn virkeligheten
Jøsusbloggen:
Jeg hadde rett
Fra provinsen:
Send Tina Bru og Roy Steffensen på kortkurs
Jøsusbloggen:
Se min kjole
Fra provinsen:
Jeg er den evige Pål Morten Borgli

© Copyright 2012 Mediehuset Stavanger Aftenblad