Jan Christensen og Vidar Hauge sørga for nye ruter i «Jøsenfjord» på siste dugnaden før den nye byturen.
Gamle damer er også forfengelege. Dei pyntar seg når dei skal til byen. «Jøsenfjord» er ikkje ei vanleg gammal dame. Ho er mykje eldre og treng beundrande menn til å hjelpa seg med pynten. Men dei gjer så godt dei kan.
Dei siste dagane har det vore stor aktivitet i Sandangervågen på Randøy for å gjera den gamle rutebåten klar til byturen.
Entusiastane Jan Christensen og Vidar Hauge har sørga for at det nå er glas i gluggane til Fjordsteam.
I morgon føremiddag går turen ut fjorden til byn. «Jøsenfjord» har fått ein framtredande plass heilt innerst i Vågen i Stavanger på det store veteranbåtstevnet som åpnar med ein heilt spesiell konsert i morgon kveld. Alle dei deltakande båtane skal vera med å laga musikken med sine maskiner.
På Randøy har det vore hektisk aktivitet om bord i den 126 år gamle «Jøsenfjord» for å få den mest mogeleg presentabel til helga.
Det vil ennå ta lang tid før «Jøsenfjord» kan visast fram i fordums glans. Restaurasjonsarbeidet skal gjerast etter dei ganske strenge krava til Riksantikvaren. Båten skal bli slik den var då den blei teken ut av rutefart i 1980. Alle endringane som dei seinare eigarane i Nederland gjorde, skal fjernast.
Den midlertidige formasta på «Jøsenfjord» gir meir stil når båten skal visast fram. Oddvar Vårlid og Hermund Følgesvold var med på pyntedugnaden på bakken.
Den gamle byssa på hovedekket blei ombygd til baderom med eit stort badekar i utlandet. Nå er badekaret og fliser rive ut igjen. Store og velutstyrte baderom var ukjent ekstrautstyr på gamle fjordabåtar i Ryfylke. Enkle dusjar kom først i bruk på båtane som blei sett inn i trafikk i etterkrigstida.
Den gamle rusta formasta på bakken blei riven før «Jøsenfjord» forlet Nederland i fjor vår. Den snaue bakken pynta ikkje akkurat opp. Nå har Torstein Randa skaffa ei midlertidig mast som er sett på rett masteplass. Dermed ser det ut som ein båt igjen. Den er kvitmalt. Eg meiner å hugsa at dei gamle fjordabåtmastene alltid var gule, men det er ulike meiningar om dette. Dette er eit spørsmål for dei store fjordabåt-autoritetene. Men mastagult er det noko som heiter.
Det originale elektriske anlegget er nå oppe og går igjen.
I fjor haust blei den gamle Rubben vinter-konservert. Alt sjøvatn inne i motoren blei tappa ut og erstatta med ferskvatn godt oppblanda med frostvæske. Slik går det an å gardera seg mot at ein av dei sjeldnaste gjenverande Rubbane i verda, ikkje skal bli skada.
Ein tank som tek 1000 liter ferskvatn, er plassert framme i lasterommet. Dette vatnet skal brukast til kjølevatn kvar gong Rubben blir starta opp for interesserte som besøker «Jøsenfjord» på Fjordsteam nå til helga og på frukt og laks-festivalen på Hjelmeland i september.
Det hadde ikkje vore noko problem for «Jøsenfjord» å gå til byen for eigen maskin. Båten kryssa i fjor vår Nordsjøen for eigen maskin. Maskinen gjekk som ei klokka frå Nederland til Randøy. Men båten manglar papirer for å seila sin eigen Rubb. Fredag og laurdag blir Rubben starta opp tre gonger til dagen. Då kan alle motor-nostalgikarar før høyra underverket gå.
Lars Randa er styreleiar i andelslaget Jøsenfjord
Når restaurasjonsarbeidet skal starta for alvor, må heile overbygget plukkast frå kvarandre og leggjast fint til sides. Det skal dokumenterast og arkiverast. For alt som er brukande av det originale skal brukast når båten blir bygd opp igjen. Det er ikkje godt nok å kopiera likt og ulikt. Riksantikvaren godtek ikkje det. Og utan godvilje frå han, er det ikkje pengar å få heller.
Sist vinter gjekk ei gruppe med «Jøsenfjord»-entusiastar på dokumentasjonskurs for å vera kvalifiserte for å plukka båten rein like ned til stålet. Nå i vår er mannskapslugarane under bakken i forskipet blitt dokumentert.
Folka på «Jøsenfjord» er strålande glade for at arrangørane av Fjordsteam har sørga for ein framtredande plass på Skagenkaien heilt inne i Vågen. Nå håpar dei på at mange kjem innom og gir si støtte til arbeidet vidare med båten. Til nå er det selde nærare 400 andelsbrev. Folk kan teikna seg for eit valfritt beløp. Minstetakst er 500 kroner.
- Planen nå er å slippsetja båten vår i Dåfjord på Stord neste år. Me må sørga for at alle ventilar og plater under vannlinja er sjekka grundig før me går vidare med arbeidet. Alt tyder på at det står rimeleg bra til under vatn, men me kan ikkje ta sjansar, seier Lars Randa som er styreleiar i Andelslaget Jøsenfjord. Han håpar å få styrka dei finansielle musklane for «Jøsenfjord» på Fjordsteam og seinare på festivalen på Hjelmeland. Det kjem vel med før turen til slippen i Dåfjord neste år.
God tur til byen!
«Jøsenfjord» blei siste gong vist fram på festivalen på Hjelmeland i fjor haust.


Kommentarer