Her er den molta me har funne dette året. Eg tvilar på om det er mykje meir å finna i dei traktene eg pleier å gå.
Frostnettene rett etter pinsehelga tok knekken på dei flotte, kvite molteblomane som sto og kosa seg i lågheiane i Hjelmeland og gjorde seg klar til å bli gule og blaute bær i august.
Dermed kan alle overfestlege byfolk trygt leggja vekk denne festlege vitsen om at kvar einaste molteår sprer dei innfødde rykte om ein mengde bjørn og ulv i Ryfylkeheiane. Dette skal skrema framandfolk vekk frå heiane. Berre tull, sjølsagt.
Men den som skal finna molta denne sommaren i dei traktene eg er kjent, må vera sprek som ein ungfole og synsk i tillegg. Koss det er med molter i høgareliggjande heiar, kan eg ikkje uttala meg om. Der starta bløminga mykje seinare. Men då var det vel mykje regn og anna slags drittvêr som slett ikkje er heldig for molta.
Molta var eit ettertrakta bær i min barndom i den indre og beste delen av Ryfylke. Molta sto oftast langt frå folk og var difor mindre tilgjengeleg enn andre bærslag. I tillegg var det langt frå kvart år at det blei molta i mengder. Eg trur dette må vera grunnen til at det var ein akseptert og godteken mannfolk-aktivitet å dra til fjells på moltehenting. Far min henta både ripsbær og tytebær, men det snakka han knapt høgt om.
Den mandige molta, som sto avgøymt høgt oppe i myrar der det sjeldan gjekk folk, vedgjekk mennene i bygda at dei hadde vore med på å plukka. Men du fekk aldri noko skikkeleg forklaring på kor dei fant moltene og kor mykje dei hadde funne. Dette var omtrent som når dei vaksne mennene kom heim frå Dyraheia etter ei vellukka jakt om hausten. – Me er fornødde, sa dei. Aldri meir konkret enn dette. Det var farleg å skrøyta om koss godt ein hadde gjort det. Det kunne straffa seg seinare. Skikkelege folk briska seg aldri over eigne bragder.
Som guttunge var eg med far min og leita etter molta i heietraktene rundt den litla hyttå vår. Ofte blei til at me gjekk mykje, men fann lite.
Ein sommar, eg trur det var heilt på slutten på 1950-talet, slo det til skikkeleg til. Heile heiane var gule. Me henta i bøtter og spann. Då me kom heim, fortalde eg til ein vaksen mann at me hadde fått ein fjellbonde med kløvhest til å hjelpa oss med å frakta heim moltefangsten. Eg har av og til bomma litt når eg legg ut om saker og ting. Trur du ikkje mine uttalelsar blei tekne for god fisk. Det gjekk på bygda at dei hadde brukt kløvhest til å få heim molta på Laugaland dette året.
Det er over 20 år sidan at far min gjekk ut or tida. Men eg prøver kvart år å få meg ein tur i hans usynlege fotefar til dei gamle molteplassene våre. I dag er det ikkje mange molteplukkarar igjen. Ein del folk snakkar om at dei andre som freser rundt i heiane og raskar med seg alt dei ser av moltekart. Berre tull. Moltehentarar er ein utdøyande rase. Mine etterkommarar rynkar på nasen. Dei forstår ikkje kva som er så spesielt med heile molta.
I sist veke drog me til våre gamle heietrakter. På den fyrste plassen der me alltid stoppar og ser etter, var det gul, blaut molta. Eit godt teikn. Då me kom lenger opp mot hytta vår, var eg optimistisk. Dette kunne bli bra, tenkte eg. Men der fanst det ikkje sorten. Det var ikkje antydning til brukande molta. Eg resignerte raskt.
På vegen ned igjen til sivilisasjonen, skilde eg lag med resten av familien. For mange år sidan fant far og eg ein god del molta lenger nede i liane enn der me vanlegvis gjekk og såg. Eg gjekk den gamle vegen vår nedover. Veg og veg. Her det planta ein mengde gran nå. Eg måtte brøyta meg veg gjennom eit tett og svart buskas. Her har det sikkert ikkje gått folk mange år. Her rår elg, hjort og rådyr heilt åleine i dag.
Her tok me oss over bekken då me gjekk til fjells i min barndom. Tre stokkar blei til ei bru. Ennå er to av stokkane på plass.
Eg fant ikkje ei einaste molta. Men eg fant den gamle kloppa, tre tømmerstokkar over bekken, der stien vår gjekk før tida. Det var rett nok berre to stokkar igjen. Rørande. Minnene strøymde på. Me guttane gjekk først. Mor og far kom etterpå. Når den fyrste valde feil veg, ropte far min: Stopp styremann, skudå går i ågeren. Så enkelt var det.
Heldigvis hadde eg mobiltelefonen med meg. Slik at eg kunne ringa og varsla kånå viss eg blei antasta av elg. Det var ikkje elg å sjå, men eg fekk tatt bilde av den gamle kloppa over bekken.
Viss nokon har orka å lesa så langt, har eg laga ein belønning. Eg har lagt ved det som står om molter i nettleksikonet Wikipedia:
Multe (også molte, dansk: multebær, svensk: hjortron) (Rubus chamaemorus) er en flerårig plante som kan bli snaue 30 cm høy og har en krypende jordstamme. Multe er fylkesblomst i Finnmark.
Blomstene er enkjønnete og sitter da på enten en hann- eller en hunnblomst. Fruktene er store og velsmakende, først røde og omsluttet av begerbladene, men som modne har de en vakker gul-oransje farge i flere nyanser.
Bladene er nyreformede, og lette å få øye på ute på myrene. Multene begynner å blomstre i mai i syd, og i juni-juli i nord, med store hvite blomster som oftest sitter alene.
Multer er vanlig på myrer, men forekommer i størst mengde nordpå i landet, der den også noen steder dyrkes kommersielt.
Multebærene anvendes mest til syltetøy eller multekrem, men kan også benyttes til likør.
Multene blomstrer ofte tidlig og kan derfor lett skades av sen nattefrost, og da uteblir fruktsettingen. Under spesielt gode vilkår kan man oppleve såkalte «multeår». I multeåret 1966 ble for eksempel den totale innsamlede bærmengde i Sverige anslått til ca 1 200 tonn.
Arts-epitetet chamaemorus kommer av det greske khamai («på marken», «lavt») og latin morus, morbær.


Kommentarer