"Rygeraa" i lause lufta medan "Rygerspeed" alt er plassert trygt på land. (Foto: Rødne)
To gamle kjenningar frå Ryfylkefjordane, «Rygerspeed» og «Rygeraa» er nå løfta på land på Tananger. Der står dei og ventar på at lastebåten «California» skal henta dei 13. august og frakta dei til Chile. Der skal dei gamle Rødne-båtane starta på ein ny karriere med nye navn og nye eigarar.
Her blir Chile-flagget heist på ein gammal Ryfylke-slitar
«Rygeraa» blir omdøypt til «Rio Blanco» og «Rygerspeed» skiftar navn til «Rio Cuervo». Dette er navn på elvar i nærleiken av Puerto Chacabuco som blir ny heimehavn for dei gamle Rødne-båtane. Nå skal dei frakta tilsette ut til lakseopprett-anlegga i fjordane i Chile.
Lars Andre Rødne, dagleg leiar i L. Rødne & Sønner AS, fortel at rederiet får i overkant at to millionar kroner for kvar av dei 30 år gamle båtane. Dei er 15-16 meter lange og vekta var knapt 20 tonn då dei dingla i kranen i Tananger på onsdag.
«Rygerspeed» blei bygd og sett i drift som «Saturn Speed» i 1983. Første eigarane var Frank og Torolf Ingebrethsen frå Reilstad på Finnøy. Den blei brukt til ambulansebåt og skyssbåt i Ryfylke og mange andres slags ulike transportoppdrag. I 1998 kjøpte Rødne-rederiet båten. Då skifta den navn til «Rygerspeed». I 2001 blei den forlenga til 17,36 meter og fekk nye maskiner. Marsjfarten blei nå 24-25 knop og toppfarten var 28 knop. Båten har hatt passasjersertifikat for 52 passasjerar.
Dei siste åra har «Rygerspeed» blitt bruka som charterbåt og reservebåt.
«Rygeraa» blei levert til Rødne frå Brødrene Aa i Hyen i 1984. Den var spesialutrusta som ambulansebåt og hadde fast base på Østhusvik på Rennesøy. Etter kort tid blei båten herja av brann og blei liggjande ved Rødne-anlegget på Kyrkjøy i eit par års tid. Deretter blei den bygt opp igjen.
Nå fekk «Rygeraa» vribare overflate-propellar som gav ein ekstrem fart. 43-44 knop vekte oppsikt på slutten av 1980-talet. Dette var likevel ikkje nokon ubetinga suksess. Vibrasjonsproblem førte til at ein gjekk over til tradisjonell propell-drift som gav ein marsjfart på 34-35 knop.
«Rygeraa» hadde sin første base på Østhusvik. Seinare låg den fleire år fast på Tau. Den hadde passasjersertifikat for 30 passasjerar.
Då «Rygerdoktoren» kom i 2002, blei «Rygeraa» reservebåt med fast plass heime på Kyrkjøy.
Om kort tid kan kanskje vakne båtinteresserte rogalendingar oppdaga gamle Rødne-kjenningar viss dei kjem til Chile.
Fleire utskifta Rødne-båtar har havna i ferskvatn. «Rygerøy» som var ny i 1970, blei seinare til «Trollheimen II» på Gjevilvatnet i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag. «Clipperskyss» frå 1990 er blitt til «Gjendine». Frå 2006 den har den frakta fotturistar på Gjende i Vågå kommune.«Rygerskyss» frå 1982 hadde eit kort opphald som hurtigbåt på Mjøsa under navnet «Mjøslyn» i 1987. Den er nå tilbake i saltvatn og skal vera i Nord-Norge.
L. Rødne & Sønner AS har nå 13 fartøy i flåten sin. To ferjer, åtte katamaraner og tre einskrogsbåtar. Tre fartøy er spesialbygde ambulansebåtar. Ein i Ryfylke og to i Hordaland.
«Clipper» er nå den eldste båten i Rødne-flåten med sine 30 år.
- Den vakraste og, seier mange.
Då har eg sett heilt vekk frå reserveferja «Sølyst» frå 1972.
"Clipper" er 30 år. Den eldste og vakraste båten i Rødne-flåten.


Kommentarer