Dette maleriet av "Austri" heng i Stavangerske sine kontor i Ankerbygget i Stavanger.
Ni norske passasjerar, ni av mannskapet, 17 russiske og polske kvinner og eit ukjent antal tyske soldatar mista livet. Det ubevæpna nattruteskipet «Austri» blei angripe av britiske fly, sett i brann og gjekk ned rett sør for Leirvik om morgonen den 21. februar 1945.
Ved nattrutekaien på Leirvik på Stord heng minneplata som fortel historien om Austri-forliset.

Nattruteskipet «Austri» gjekk frå Haugesund klokka sju om morgonen den 21. februar 1945. Under andre verdenskrigen gjekk nattruteskipa mellom Stavanger og Bergen på dagtid. Stavangerske-skipet var på veg i rute til Bergen.
Omtrent 130 personar var om bord på skipet. 50 var tyske militære, 42 norske passasjerar pluss 16 kvinnelege russiske og polske krigsfangar var med. Fleire av kvinnene hadde babyar med seg. Krigsfangane skulle transporterast frå ein fangeleir i Sauda til ein ny i Åsane ved Bergen.
Vanlegvis var britiske fly eskorterte av norske fly frå 333-skvadronen når dei skulle angripa tyske skip langs norskekysten. Oppgåva til dei norske flya var å hindra at norske sivile skip blei angripne.
Denne morgonen gjekk det gale. Ved 9.30-tida, rett sør for Leirvik, gjekk dei britiske flya til åtak. «Austri» var plutseleg ramma av eit inferno av maskingeværkuler og rakettar.
Andre skip i området sette kursen mot vraket av nattruteskipet. Mange såra blei frakta inn til sjukehuset på Leirvik. 76 personar skal ha blitt skada ved angrepet på «Austri».
To polske kvinner blei gravlagde på Stord med fem tyske soldagar blei gravlagde i Bergen.
Den norske eksil-regjeringa i London protesterte mot det brutale angrepet på den forsvarslause båten. Dei kravde ei forklaring på hendinga frå dei britiske styresmaktene. Likevel var dette hverken det første eller siste britiske angrepet på sivil norsk skipsfart.
Ni medlemmer av besetninga på «Austri» omkom i angrepet: Kaptein Adolf Christiansen, styrmann Jørgen Moe, los Leif Stapnes, maskinsjef Sigurd Hana, maskinist Olaf Bjelland, donkeymann Olaf Lunde, båtsmann Sigurd Sørensen, matros Tormod Våge og matros Ingolf Nilsen.
I alt mista Det Stavangerske Dampskibsselskab åtte skip ved totalforlis under andre verdenskrig. 35 sjøfolk mista livet ved desse forlisa.
Søsterskipa «Austri» og «Vestri» kjøpte Stavangerske i 1912 frå eit dansk rederi i København. Begge gjekk i hurtigruta mellom Stavanger-Sandnes og Oslo. «Vestri» blei sett i brann av fly utenfor Børaunen 4. desember 1941. Fire av mannskapet omkom.
(Eg har henta opplysningane til denne bloggen frå Stavangerske si jubileumsbok frå 1955 og frå databasen Norwegian Homefleet WW II)


Kommentarer