Journalist på bar. Laga av Stavanger-kunstnaren Per Dybvig.
Berre dei aller tøffaste journalistane vågar å kritisera advokatar. Då risikerer dei ein bakoversveis dei kan bli gåande med i årevis etterpå. For advokatar som lever av å kritisera og påpeika feil ved folk og fe, tåler ikkje at andre vågar å antyda at heller ikkje hans nåde advokaten er feilfri. Eg vil oppmoda alle som har tenkt å overleva i journalistikken om å tenkja seg nøye om før dei gjer seg i kast med advokatar. Nå er dette sagt.
Journalistar som kritiserer andre journalistar, er spinngalne. Det er ein risikosport som får eit fallskjemhopp frå Kjerag i Lysefjorden til å fortona seg som uskuldig barnehage-moro. For journalistar er komne til verda for å passa på at alt går rett for seg her. Dei skal kontrollera at her ikkje er korrupsjon, misbruk av offentlege midler, posisjonar og visjonar. Her er det mykje å halda styr på.
Ikkje rart at ein slik seriøs utøvar av kritisk journalistikk blir ganske oppgaldra viss ein bladfyk-kollega skriv eit innlegg der vedkommande set spørsmålsteikn ved noko som den andre har hatt på trykk. Då blir det innlegg og som oftast motinnlegg og replikkar og litt uskjelling i tillegg. Det endar som regel ikkje før dei to journalistane er blitt uvenner for resten av si levetid.
Offentleg krangel med kolleger og alle andre prøvde eg å styra unna i alle mine år som journalist. Eg er både fredsæl og konfliktsky.
Men nå har eg heilt uforvarande i mitt pensjonisttilvære greidd å erta på meg journalistane i lokalavisa Strandbuen på Jørpeland. Det var jo ikkje meininga og må vel kunna karakteriserast som uaktsom provokasjon.
For eit par-tre veker sidan hadde denne avisa ei sak om den skakkjørte kommuneøkonomien i Hjelmeland. Ein importert ekspert hadde dosert for politikarar og administrasjon om koss denne kommunen som eg føler sterkt for, hadde brukt pengar som om dei hadde pengebingar på lur i kvar einaste løa i bygdene. Eksperten hadde ikkje høyrt om ein kommune med så lite innbyggjarar som hadde kosta på seg to aldersinstituasjonar, mellom anna. Viss det nå skulle visa seg at Hjelmeland kommune av økonomiske grunnar må leggja ned den eine sjukeheimen i Årdal eller på Hjelmeland, vil det bli eit lurveleven.
Sjølvsagt meiner eg at det er rett av lokalavisa å skriva om dette. Eg tykte artikkelen var til å få forstand av. Men eg klarte jo ikkje dy meg. Det er jo ikkje mi oppgåve å driva nyhetsjournalistikk. Alle som har vore i denne bransjen, veit at når dei dårlege nyhetene kjem, er det ofte budbringaren som får kritikken. I det gamle Hellas slo dei i hel budbringaren som kom heim med meldingar om tap på slagmarka.
Dermed skreiv eg at denne Strandbuen burde halda seg for god til å skriva slikt. For å vera heilt sikker på at ingen skulle bita på dette, kritiserte eg samstundes kommunen som hadde seldt aksjane i Hjelmeland si eiga avis, Bygdaposten, til eigaren av Strandbuen. Det ville jo vera galematias å bruka av ein skrantande kommuneøkonomi til å driva ei avis fri for dårlege nyheter i kommunen. Då følte eg meg sikkert på at ingen beit på.
Så rørte eg i veg om Hjelmelandsvågen i gamle dagar og ditt og datt. Tittelen på denne bloggen blei: Hjelmeland – eit lite Hellas. Det virka som om mange lika det eg hadde skrive og eg drøymte ikkje om at nokon tok dette som kritikk av hverken den eine eller andre.
Men for eit par dagar sidan fekk eg ein telefon frå ein journalist i Strandbuen. Han sa at han og kollegene i avisa lurte på om eg meinte at avisa berre skreiv negative ting frå Hjelmeland. Det kom ganske bardust på meg.
I går oppdaga eg at ein journalist i Strandbuen hadde skrive innlegg på veggen min på Facebook:


Kommentarer