Den gamle Askøy-ferja «Etne» frå 1979 har gått på Tau nå i vår. Den greier ikkja å halda ruta og er lite likt av dei reisande.
Gamle og upålitelege ferjer i Tau-sambandet og i turistruta til Lysebotn har fått nakkehåret til å reisa seg på mange reisande dei siste vekene. Men går det ikkje an å snu dette til noko positivt. Mitt forslag er å lokka pengesterke folk frå Sunnhordland og resten av Hordaland til å komma til Stavanger for å sjå igjen dei gamle ferjene sine.
Hallo alle ferje-elskande sunnhordlendingar. Hiv dykk i treskorne og kom til Stavanger. Her er det eit Mekka for alle som har elska gamle HSD-ferjer for tida. Dei innfødde rogalendingane, derimot, som er avhengige av at dei gamle ferjene dunkar og går, er ikkje fullt så begeistra. Mange vil senda dei rett på skraphaugen.
Den gamle og heiderskronte HSD-rosetten står på alle skutesider. Den er rett nok overmalt med kvitmaling nå. Men ingen er i tvil om opphavet. Dei er bygde i den ærerike ferjeepoken for frå 1970 til 1990. Nå seglar dei med Stavangerske-flagget i mastetoppen og det nyoppfunne Norled-navnet på skutesidene.
«Tysnes» frå 1970 har gått i turistruta på Lysefjorden som vikar for «Ølen». Her går den frå Fiskepiren.
For å ta den eldste fyrst: «Tysnes» frå 1970 har gått det meste av føresommaren i den populære turistruta på Lysefjorden. Den 42 år gamle ferja har rett nok berre salong nede, men osar av gamle ferjetradisjonar. For dei som har luktesans, kan ein sikkert ana eimen av gammal ertersuppe, sveler og dieseldrivne trailersjåførar. Eg har ikkje vore om bord og sett på salongen. Sjøl om det er lite utsyn frå salongen, kan eit stort bilde av Kjeragbolten i eine enden og Preikestolen i andre enden gjera underverk for turistane.
Evigunge Ola Norheim smeltar alle turisthjerter på turistferja til Lysebotn.
Eg fekk teke eit bilde av «Tysnes» då den gjekk frå Fiskepiren ein morgon. Det såg ikkje akkurat miljøvennleg ut då skipperen gav full fart på maskinen for å manøvrera seg frå kai. Den verste dieselrøyken la seg rett nok etter ei tid. Turistane kom seg vel fram til Lysebotn den dagen.
Og uansett: 74-årige Ola Norheim er stadig billettør på turistferja. Han er så smilande og blid at han får det hardaste turisthjerta til å smelta.
Eg har granska jubileumsboka til HSD frå 2005. Der står det følgjande: «Tysnes» – i store drag ein blåkopi av pendelferja «Fusa» – vart levert frå Haugesunds Slip i juni 1970. Ferja er utstyrt med ein Wichmann-maskin på 750 HK.
- Den sterke utbygginga av den norske ferjeflåten frå 1970 og utover, kom som eit resultat av det aukande offentlege engasjementet i denne samferdselssektoren. Eit ambisiøst nybyggingsprogram var sett i verk i dei fleste ferjeselskap frå landsende til landsende, står det å lesa i kapitlet med den talande tittelen: Med sugerøyr i statskassa.
Planen var at ferja «Ølen» skulle gå i turistruta på Lysefjorden i sommar. Den har ikkje vore heilt i orden. Berre nokre få dagar har den vore inne i Lysebotn. Det meste av tida har ferja hatt noko som visstnok internt i det store ferjerederiet Norled går under navnet «propellsygå». Heldigvis har «Ølen» vore såpass mykje på plass at me har sikra oss eit bilde av ferja i fjorden. På grunn av problema med «Ølen» har «Tysnes» blitt gåande når den har vore i orden.
«Ølen» har vore i Lysefjorden som turistferje i år, men det meste av tida har den vore i ustand.
Meir HSD-historie: «Eidfjord» vart levert frå Haugesund Slip i juli 1975 og fekk i 1977 fylgje av systerferja «Kvam» frå Bolsønes Verft i Molde og av «Ølen» som vart bygd ved Trondhjems Mek. Verksted. «Ølen» var litt mindre, med plass for 40 bilar, men fekk og salong over dekk.
Alle med litt ferjekunnskap innabords har merka seg «Eidfjord». Dette blei seinare Stavangerske-ferja «Utstein» som i seinare år blei eit svært utskjelt Tau-ferje.
Den gamle Askøy-ferja «Etne» har havna som vikar i Tau-sambandet. Den greier ikkje å halda ruta skikkeleg, men Norled har tydelegvis ikkje greidd å skaffa meir høveleg reserve-materiell. Dermed har «Etne» blitt gåande mykje lenger enn planlagt. Det har nemleg blitt meir enn planlagde verkstedopphald på dei andre Tau-ferjene. Her har også propell-sygå slått til.
«Etne» blei bygd ved Mjellem & Karlsen i Bergen i 1979 for rutelaget Askøy - Bergen og fekk navnet «Askøy». I 1988 blei den selt til HSD og omdøypt til «Etne». Denne ferja har også Wichmann-maskin frå Rubbestadneset på Bømlo. Den er på 2300 BHK. Dette var nok ville hestar i si tid. Men er vel heller tamme nå.
Hallo! Alle som interesserer seg for gamle Askøy-ferjer må derfor også ta turen til Stavanger nå.
For «Fjordkongen» er også i Stavanger denne sommaren. Den blir brukt til å frakta cruiseturistar til Lysefjorden på dagar når hurtigbåtane ikkje greier å ta unna alle som vil sjå preikestolen. Dette er også ei gammal Askøy-ferje frå 1968. Den gjekk under navnet «Kleppestø»fram til 1968 då den blei seldt til Oslo. Der blei den Nesodd-båt med navnet «Bamse Brakar» fram til 2009. Nå er den å sjå i havnebassenget i Stavanger rett som det er.
«Fjordkongen» blei bygd som Askøy-ferje, men gjekk mange år som Nesodd-båt med navnet «Bamse Brakar».
Gamle Askøy-ferje er ikkje noko nytt for oss som har vore med i ferjehistoria i ein del år. Høgsfjord-ferja «Oanes» som blei overteken av Høgsfjord Rutelag i 1966, hadde ei fortid mellom Askøy og Bergen med navnet «Kleppestø». Den gjekkk mellom Lauvvik, Oanes og Forsand fram til 1978. Den blei seinare brukt til å frakta arbeidsfolk ut til oljeplattformer i Gannsfjorden. Seinare havna denne ferja i Oslo.
Å samla så mange gamle og til dels tilårskomne ferjer med hordalandsk bakgrunn i Stavanger og Ryfylke, er vel ikkje verdens beste idè. Dei hadde vel gjort seg betre på ein torgdag i Vågen i Bergen.
Eg heldt på å gløyma dei tre ordinære Tau-ferjene som har gått her i fleire år. Tre gamle HSD-ferjer som blei utrangerte frå ferjesambandet Sandvikvåg – Halhjem då Fjord 1 overtok her med splitter nye gassferjer. «Ullensvang», «Stord» og «Bjørnefjord» brukar pensjonisttilværet til å frakta strandbuar og andre reisande mellom Tau og byen. På vegen mellom Tau og byen kan du studera bilder av vakre bygder i Sunnhordland i fruktblomstringa og ektefeller av fylkesmenn i Hordaland og andre prominensar som har fått døypt desse ferjene for mange år sidan.
Av og til blir desse gamle ferjene kranke og må på verkstad. Då blir folk sure. Det har dei vore i ei vekes tid nå.
«Ullensvang» frå 1987 er ei av tre gamle HSD-ferjer som går i Tau-sambandet nå.


Kommentarer