Hjelmelandsvågen ein føremiddag for nesten 60 år sidan. Kommunehuset var ikkje bygd på den tida. Alt var heilt normalt og "Sand" var i rute på veg innover i fjordane.
- For mange kommune-tilsette, for mange kommunale tenester på altfor mange plassar. At Hjelmeland med 2800 innbyggjarar har to institusjonar for eldre, er uhøyrt i Norge.
Med andre ord: Her blir det oppseiing av kommunetilsette, reduksjon av kommunale tilsette og truleg nedlegging av ein av dei to eldreinstitusjonane i Hjelmeland.
Dette er eit ørlite spissa samandrag av ein artikkel i lokalavisa Strandbuen fredag 8. juni.
Sjølv om eg reiste frå Hjelmeland som 15-åring i 1964, føler eg meg som hjelmelandsbu til det innerste av mi sjel. Eg frys på ryggen av den slags avisskriverier.
For å seia det med ein gong: Det største feilgrepet som er gjort i Hjelmeland kommune, var å selja lokalbladet Bygdaposten til eigarane av Strandbuen. Den gilde avisa blei slakta og ribba og kasta på skraphaugen. Attende sit ein med Strandbuen som ikkje har anna å melda frå min fødekommune enn elende og atter elende.
Eg hadde behendig unngått å lesa det Aftenbladet alt hadde skrive om økonomien i Hjelmeland. Og med mitt lyse og optimistiske sinnelag pleier eg ikkje å åpna Strandbuen. Då Bygdaposten gjekk inn, kom Strandbuen i postkassen. Eg sa opp skiten på flekken. Men trur du ikkje at kånå mi arva eit abonnement etter foreldra sine på Jørpeland. På død og liv skal ho ha dette makkverket av ei avis. Ho er uregjerleg, ho også.
I helga sette ho seg til å lesa høgt for meg or Strandbuen medan eg streva med å vakna til liv etter ein vel fortjent middagskvil. Eg makta ikkje å stoppa ordstraumen.
Det var då eg motviljug måtte ta innover meg koss det står til med økonomien i heimkommunen.
Slik dette er skildra i Strandbuen, står eg igjen med tittelen: Hjelmeland – eit lite Hellas. Alle veit jo koss gale det er med økonomien i Hellas akkurat nå.
Mor mi vaks opp i det litla huset heilt til høgre på bildet frå den gamle Hjelmelandsvågen. Viss eg bad henne om å gjera greie for andre bygder i Ryfylke, bruka ho alltid å seia at Judaberg var eit lite Hjelmeland, Nedstrand også, men Jørpeland og Sand blei klassifisert som store Hjelmeland. Eg forsto kva ho meinte. Då eg seinare reiste rundt i Ryfylke som Aftenblad-journalist, fann eg ut at mor mi hadde sett seg inn i lokalgeografien.
Som du ser av det gamle bildet av Hjelmelandsvågen frå fyrste halvdel av 1950-åra,var det dåverande kommunesenteret nøkternt i stilen. Kommunehuset eksisterte ikkje. Det blei seinare sett opp på grassletta i framgrunnen til høgre. Dei eksisterande offentlege kontor var plassert i andre etasjen i Mallin-huset. Der fann du både Fossåen og Hagalien, som folk sa. Dei dreiv med sine oppgåver der. For meg som guttunge var det nokså uklart kva dei dreiv med. Dei arbeidde iallfall ikkje, det var lett å sjå. Dei gjekk med skjorta og slips på vanlege kvardagar.
Oppe på Tomstad-butikken heldt lensmannen hus. Arbeidet hans gjekk ut på å utbetala skotpremie for rev. Folk kom med den daude reven i ein papirsekk. Lensmannen studerte reveliket og klipte av ein framlabb, trur eg det var, og betalte ut 100 kroner til revejegeren. Tenk 100 kroner i 1955. Mange daglønner på den tida.
Hjelmeland sparebank var plassert i huset i strandkanten ved dei to nausta. Her blei sparepengane våre vakta både dag og natt. Pengebingen vaks sakte, men sikkert. Då kommunehuset var ferdig, flytta banken inn der.
Me veit koss det gjekk. Banken blei ein suksess og bygde seg eige bygg oppe på prestagarden. Småspararar frå heile Ryfylke kom til Hjelmeland for å få pengane sine til å veksa. Det gjekk og det gjekk, berre betre og betre. Men det enda med ein smell. Ei røys med millionar gjekk tapt fordi truskuldige, lokale bankfunksjonærar trudde godt om folk som trong lån. Ingen innskytarpengar gjekk tapt fordi banken på Hjelmeland hadde mange gode sparebankbrør rundt forbi som kunne hjelpa dei over dei trongaste tider.
Og nå er det eit mas om denne kommuneøkonomien. Ein innleigd ekspert doserte for dei kommunetilsette om den kommunen som har brukt for mykje pengar.
- Det er nesten sjarmerande søtt når kommunar tar kontakt med meg og seier dei skal kutta utan å røra pleie og omsorg, sa eksperten, ifølge Strandbuen.
Foreldra mine er ikkje her lenger. Dei fekk begge nyta godt av det velsigna gode tilbodet for eldre i kommunen. Og dei var trufaste innskytarar i banken.
Eg er glad at dei ikkje fekk oppleva dette.
Tenk det mor. Hjelmeland er blitt eit lite Hellas.
Og Strandbuen har eg kasta i bossdunken.


Kommentarer