250 av sjåførane på dei grønne Kolumbus-bussane i Sør-Rogaland er polakkar. Du har kanskje snakka til ein av dei. Men har du snakka med dei? Foto: Jonas Haarr Friestad.
Vårt norske hus er fullt av polakkar. Dei er alle vegar. Tusenvis av tømmermenn, malarar, anleggsarbeidarar, tomat- og jordbærplukkarar og arbeidsfolk av alle slag. Som deltidssjåfør i Boreal Transport det siste året har eg møtte mange av dei. 250 polakkar kjører grønne Kolumbus-bussar i Sør-Rogaland i dag. Flotte folk, spør du meg. Men ikkje lette å snakka med. Språkbarrieren er kjempehøg.
Me registrerer at polakkane er rundt oss i kvardagen. Snakkar om dei og det hender me snakkar til dei. Men snakkar me med dei? I liten grad. Og dagens journalistar virkar totalt uinteressert i å finna ut kva polakkane meiner om oss og vårt dyre fedreland. Nordmenn må virka heilt rare for rettruande, katolske, hardt arbeidande polakkar. Ler dei av oss? Er dei redde oss? Kanskje tykkjer dei berre at me er dumme og late?
Som pensjonert Aftenblad-journalist risikerer eg nå å få eit evigvarande stempel som gammal surpomp, men eg meiner at nokon av dagens oppegåande mediafolk bør sjå det som ein utfordring å pressa seg gjennom språk-barrieren og formidla polske oppfatningar om Norge og nordmenn. Eg ville hatt stor interesse av å lesa om dette emnet.
018-damene frå Norheimsund var på sightseeing i Stavanger. Ikkje typiske turistar, akkurat.
Ein journalist-vikar laga ein av dei mest orginale reportasjane eg kan hugsa frå mine nesten 35 år i Aftenbladet.
I 1979 skjedde det noko nesten utenkeleg. Televerket flytta opplysninga for Stavanger-området og resten av Rogaland til Norheimsund i Hardanger. Telefonstasjonen i Hardanger-bygda blei automatisert og då fekk ein telesjef den glupe ideen. Damene på sentralen blei omskolerte til opplysningsdamer.
Damene i Norheimsund blei varme i håvet då utålmodige telefon-abonnentar ville ha nummeret til Gamlingen i Stavanger eller Huset Vårt i Sandnes. Kaffor ein gamling? Kaffor eit hus? Det var heller ikkje lett for ukjende folk å hjelpa folk med telefonnummer på Madla eller Lura. – Kor ligg Madla henne, spurte dei. Og innringjarane var himmelfalne.
018-damene var meir interessert i Dickens og Skagen enn spødakånå på Torget.
I Aftenbladet hadde redaksjonen fått med seg at det hadde vært tilløp til knutar på tråden mellom Norheimsund og Rogaland. Journalist Ådne Aadnesen og fotograf Jonas Haarr Friestad gjekk rett på sak. Dei inviterte tre damer frå 018 til Stavanger for å dei skulle få sjå litt på distriktet sitt. Dei var ikkje typiske turistar. Dåtidas spødakåner på Torget i Stavanger var dei ikkje så interessert i. Dei ville sjå Dickens, restauranten Skagen og av alle ting Kinarestauranten! Det var var visst berre ein i byen på den tida!
Reportasjen sto i Aftenbladet sitt julenummer i 1979. Den blei ein snakkis heile jula.
I går fekk eg reportasjen oversendt frå Aftenbladet. Eg måtte flira med meg sjøl der eg sat og les. I Norheimsund hadde dei alle telefonnummer frå Rogaland på mikrofilm, avfotografert frå telefonkatalogen. Dersom nokon ville fatt i folk med hemmeleg nummer, blei avdelingssjefen kopla inn i saka. Innehavaren av det hemmelege nummeret fekk melding om at abonnent NN ville ha kontakt.
Polakkane har sett spor etter seg på mange måtar i løpet av dei siste ti-åra her i vårt distrikt. Visste du at ein stamme av polske froskar har etablert seg på Finnøy? Nå på våren og sommaren kvekkar dei så lystig at ein del finnøybuar har problemar med å få sova. Dei kom til Finnøy ettar at ein delegasjon frå øya hadde vore i Polen og feira bryllaupet til ein polsk tomatplukkar.
Her er det mykje å ta fatt i? Eg er diverre for gammal.
Forresten. Visste du at polakkar er så flinke til å håndhelsa på kvarandre? Kvar morgon når dei kjem på jobb, ristar dei hender. Høflegare enn oss, ser du.
Sobota betyr lørdag på polsk. God helg!
Her er heile reportasjen frå Aftenbladet i desember 1979:
Her er heile reportasjen frå Aftenbladet sitt julenummer i 1979.


Kommentarer