Borgøy ragar 291 meter opp frå havet. Utsynet over Ryfylke er fantastisk. Ser heilt til byen.
Det romantiske og koselige med å pussa båt tidleg på våren, har eg aldri heilt forstått. Men viss du er typen som likar å stå ute i iskald nordavind tidleg på våren og vaska og bona bilen din, må du augneblinkeleg skaffa deg båt.
Eg ventar alltid til det verste rushet har lagt seg på slippen i båthavna. Ut i mai tek eg meg ein tur ut og undersøker koss det ligg an med å få komma på land med båten.
Jostein er sjef for slippen. Han har notisbok, kulepenn og lesebriller. Ein strenge mannn.
- Eg har ledig plass til deg frå mandag til torsdag før pinse. Det passar akkurat for deg med nypussa båt til pinse, sa han og då slo eg til.
Desse dagane blei midt i blinken. Kjempevêr. I løpet av tysdagen skein den nybona plastbåten som ei fela. Heilt flott. Eg fekk bonehjelp av ein kamerat. Resten: Stoffing, skifting av anoder og pussing av propell hadde eg meir enn nok tid til å gjera aleine fram til torsdagen, tenkte eg.
Som avdanka journalist har eg den yrkesskaden som dei fleste journalistar får. Eg kan opparbeida meg ein aldeles enorme entusiasme og iver. Ingen oppgaver står fram som uløyselege. Problemet er at dette engasjementet berre varer ein halvtime. (Les vidare under bildet).
Båten er stoffa. Propellen er pussa. Nakken er solbrent. Klar for sjøsetting.
Unge og ivrige folk kan gjera eit nummer av at dei alltid må åpna ein ny boks med bånnstoff for å få avslutta med stoffejobben. Det er alltid ein halv kvadratmeter igjen når boksen er tom. Dei må spretta ein ny til fleire hundre kroner. Slikt har eg slutta med. Eg brukar opp det stoffet eg har. Når det er slutt, er eg ferdig med stoffinga for det året. Mine læremeistrar seier at det ikkje er nødvendig å smøra på lag på lag med bånnstoff så lenge stoffet dekker heile båten. Sånn er det.
Ved fem-tida i går kveld var båten på sjøen igjen. Eg blei akkurat ferdig til sjøsettinga begynte.
Problemet var ikkje iskald vind, regn og haglbyger. Tvertimot var det sol og varme. Einaste problemet er at eg blei så solbrente på nakken og armane. Nå går eg rundt innsmurt i aloe vera-krem og håpar at svien skal gje seg. For nå er det pinseutfart.
Målet i år som så mange ganger før, er Borgøy i Skjoldafjorden.
Her skal me høyra gauken, eta komla på sjøhuset i Hattavågen og klyva til topps på Borgøy. 291 meter over havet. Får håpa at ikkje solreven tek oss før me er på toppen. Der er utsynet formidabelt.
Ser det meste av Ryfylke. Ja, heilt til byen.
God helg!


Kommentarer