Milliardær-arvingen Steven Rockefeller falt pladask for Søgne-jenta Anne Marie Rasmussen. Bryllupet sto i august 1959.
Den vakre ungjenta som drog til USA og erobra milliardær-arvingen Steven Rockefeller og mange lekre bussar med feminine og avrunda former. Slike bilder får eg i skallen når Søgne blir omtalt.
Jenta først. Det gjorde et kjempeinntrykk på meg og alle andre oppveksande i 1959 då friaren frå Amerika dukka opp på motorsykkel i Søgne med familiens tidlegare au pair på baksetet. Dei gifta seg i august i kyrkja i Søgne. 1959 hugsar eg for Askepott-bryllupet og for at Knut Johannesen blei europameister på Nya Ullevi i Gøteborg. Sjøl var eg 10 år på den tida.
Men dette er ein blogg om bussar. Brødrene Repstads Karosserifabrikk AS i Søgne produserte 5000 bussar frå 1925 og fram til konkursen i 1990. Alle som har levd ei stund og interessert seg for skjenelause kjøregreier har merka seg bussane frå Søgne. Dei var runde, fine og feminine i formene og dei kjørte rundt oss på alle kanter. Far min, som var bussjåfør i all tid, kjørte uhorveleg mange mil med Repstad-buss. Høle og Forsand-bussar, Haga-bussar, Randaberg-bussar og så vidare hadde Repstad-bussar i søkk og kav.
R -7001 frå 1964 var den fyrste spesialbygde turbussen til HSD-bilane. I sommar kjører den cruise-turistar i Stavanger.
Nå i sommar går det an å få friska på minnet kvar gong det er cruiseskip i Vågen i Stavanger. Dei utanlandske turistane kan nå få kjøra seg i ein gammal Repstad-buss ut til turistattraksjonar som «Sverd i fjell»-monumentet i Møllebukta i Hafrsfjord. Koss spennande Repstad-bussen er for utlendingane, veit eg ingenting om. Det hadde kanskje løfta interessa litt med å bruka dame-trikset slik eg gjorde for å pirra lesarane mine. Men så useriøse er sjølsagt ikkje dei som skal fange cruise-turistar på kaiane i Stavanger.
Brødrene Repstad, hovudleverandøren av bussmateriell til HSD, bygde R-7001 i 1964. Dette var den første spesialbygde turbussen til HSD-bilane. Ein Scania Vabis med 160 hestekrefter i motorkassen. Bussen var også den første i dette store busselskapet med servostyring. Ei sotr landevinning meinte alle som har baksa og slete med svære, kvite Scania-ratt utan servo-hjelp. Under rattet, til høgre på rattstammen var hendelen for telma-bremsen. Med telma-bremsen kunne ein spara på dei konvensjonelle bremsene i lange nedover-bakkar.
Sjåfør Roar Varden i uniform frå 1960-talet og billett-rull frå same tid.
- Dei fyrste somrane gjekk bussen for selskapet «London Fourways», seinare for «Norway Only» og «Troll Tur». I 10 år blei bussen kjørt som turbuss, og seinare i vanleg rutetrafikk, fortel sjåfør Roar Varden som er fast sjåfør på denne bussen på sommarturane i Stavanger. Sjåføren har sjølvsagt sjåfør-uniform frå rett tidsepoke og stiller med kvitt huetrekk nå i sommarsesongen slik sjåførskikken var før tida.
Den flotte Blaupunkt-radioen frå 1964 er er stum for tida.
Bussen har alle godkjenningar og Scania-motoren bromlar i veg slik den slags motorar skal. Men den flotte Blaupunkt-radioen framanom motorkassen, er taus som i grava. Om det originale Tandberg-lydbandet heilt framme på høgre-sida er oppe og går, gløymde eg å spørja om.
Er du interessert i gamle bussar? Då er det berre å stilla seg opp og venta på ein sentral plass i byen ein dag med cruiseskip i Vågen. Eg tykte den var litt låg og smal samanlikna med moderne bussar.
Eller er du meir dameinteressert? Ville visst meir om Askepotten frå 1959? 11 år og tre barn seinare var ekteskapet historie. Anne Marie Rasmussen tok tilbake pikenavnet og lever i dag eit stille og tilbaketrukke liv i hjembygda Søgne, står det å lesa på nettet.
Meir veit eg ikkje. Dette er ein bussblogg.


Kommentarer