Spypose-safari på hurtigruta rundt Stadt
Publisert av Jone Laugaland 22 februar, 2012 i Generelt
"Nordstjernen" ved kai i Bergen eit par tre-timar før avgang laurdag kveld. (Foto: Jone Laugaland)
Forventningsfulle tyskarar og japanarar summa rundt på hurtigruteskipet »Nordstjernen» i Bergen om kvelden. Turisthytte-stemning. Mange såg ut som om dei var rusta til ein ekspedisjon ut i villmarka. Japanarane var søkklasta med fotoutstyr. Neste dag var det ein medtatt gjeng som pusta ut mellom spyposar og krabbemat som ennå ikkje var spylt på sjøen. Turistane hadde opplevd eit ublidt Stadt-hav. Kuling og opptil ti meter høge bølger.
Og koss trur du det gjekk med bloggaren som var påspandert ein tur med det 56 år gamle hurtigruteskipet av kona. »Nordstjernen» skal tas ut av rute i løpet av mars. Det skal du få vita dersom du tek deg tid til å lesa vidare.
Vêret er vilt og vått i november og desember. Når du kjem utpå vinteren roar det seg. Då blir det kaldt og fint. Vindane er vekke.
Slik var det eg tenkte då eg bestilte tur med den gamle hurtigruta frå Bergen til Molde laurdag 18. februar. Ein fin og minnerik tur, ville det nok bli. Heile mitt liv har eg drøymt om å reisa med ei hurtigruta. Men planen har aldri blitt realisert. Og draumen var ikkje å reisa med eit av dei svære nymotens cruiseskipa som blir kalla hurtigruter i dag.
Mi store interesse for hurtigruta blei vekt i 1956. Året då far min reiste til Nord-Norge med hurtigruteskipet «Sanct Svithun» av Stavanger. Same året bygde Det Bergenske Dampskibsselskab «Nordstjernen» i Tyskland. Rederiet overtok skipet 24. februar 1956. Skipet hadde tilbakelagt ein distanse tilsvarande 150 ganger rundt Ekvator alt i 2006.

Meldinga på døra er ikkje til å misforstå. Hurtigruta går både dag og natt. (Foto: Jone Laugaland)
Bergenske hadde fire hurtigruteskip i etterkrigsåra: «Midnatsol», «Nordlys», «Polarlys» og «Nordstjernen». I 1979 selde bergensarane heile stasen til Troms Fylkes Dampskibsselskap. Frå 2006 er det eit hurtigruterederi med det fantasifulle navnet Hurtigruten.
Som student i Bergen frå 1970 til 1975, drista eg meg ut på mannskapskontoret til Bergenske på Bradbenken og spurte etter sommarhyre på eit hurtigruteskip. Svaret der var klart: På hurtigrutene var det nordlendingar som jobba. Dei løyste kvarandre av i Nord-Norge. Sjansane for å få hyre i Bergen var omtrent ikkje eksisterande.
Det blei med dette forsøket. Åra har seilt av garde.
Men mange ganger såg eg hurtigrutene komma og gå i Bergen. Ei kom inn på Vågen i Bergen frå nord, fullasta med turistar. Ei av dei andre låg alt på Festningskaien, klar til å gå same kveld. På den tida var ruteplanen så pass rommeleg at det var plass for ein frikveld i Bergen før det var klart for ny tur nordover.
I dag kjem hurtigruta til Bergen ved halv tre-tida på dagen og går nordover klokka halv elleve same kveld. Andre tider nå til dags. Den faste liggeplassen er også flytta. I dag har hurtigruta terminal ved Nøstet, omtrent der Askøyferja kom og gjekk i gamle dagar.
Ein kraftig, nordlandsk matros sto klar med ei sprayflaska ved landgangen då me gjekk ombord. Her skulle passasjer-hendene reingjerast. Hurtigruten gjer alt dei kan for å unngå mageinfeksjonar og denslags elende blant reiseglade rundreise-passasjerar.
«Nordstjernen» svara til mine forventningar. Gammaldags båt med smilande folk som ynskte velkommen. Triveleg frå fyrste minutt.
Lugar 357 blei min. Her var det utsikt til sjøs gjennom ein rund ventil, dusj og toalett.
(Les vidare under bildet)

Stille søndagsmorgon i Måløy før "Nordstjernen" skal ut i kulingen på Stadt. (Foto: Jone Laugaland)
Reisekamerat Erik Hillestad frå Bergen (utflytta tastagutt) og eg sat og studerte alle lysa frå Bergen då «Nordstjernen» sette kursen nordover. Vågen, Sandviken, Handelshøyskolen, Eidsvågneset og til slutt Nordhordlandsbrua. Etter ein god halv time var det berre å gå til køys.
Ein jamn, trygg dur fylte den gamle hurtigruta. Eg sov godt og var ikkje på beina før «Nordstjernen» var fast fortøyd i Måløy ved 7.30-tida.
- Her blir det bare et kort opphold før skipet fortsetter, blei det forkynt over høgtalaren. Men ganske kjapt etterpå kom det kontrabeskjed: Avgangen var flytta til klokka ni.
Eg lurte på om det var tekniske problem om bord medan eg gassa meg med opptil fleire speilegg med bacon til frokost der stemninga var upåklageleg.
Etter avgang klokka ni kom forklaringa. Dei ansvarlege på «Nordstjernen» ville at passasjerane skulle få ein fredeleg frokost før båten skulle slingra seg ut på Stadthavet. Folk blei råda til å finna seg ein god sitteplass for dei neste to timane. Ingen dum ide å gå på lugaren og sova seg rundt Stadt.
Eg tok ikkje sjansen på å bli vitne at kvalme og sjøsjuka skulle breia seg i kafeteria, restaurant og salongar. Til køys i lugaren venta eg på at Stadthavet skulle komma rullande. Og det gjorde det.
«Nordstjernen» rulla fint i dei svære bølgene som var lange og opptil 10 meter høge. Dei kom sidevis inn. Det var ingen dramatikk. Motoren dunka jamt og trutt. Hurtigruteveteranen var ein god sjøbåt.
Etter to timar på køya, kikka eg ut ventilen. Ikkje land å sjå som kunne gi ly for bølgene som kom rullande inn. Men tålmodet begynte å ta slutt. Begynte å lesa nyheter på mobilen. Tabben var eit faktum. Eg blei kvalmen. Trur du ikkje at eg, som har gått fire gonger rundt Stadt med eigen båt, måtte nytta meg av spypose-samlinga på lugaren. Men eg kjempa meg gjennom.
Då eg såg «Nordstjernen» var i ferd med å gå inn i smulare vatn, fekk eg kleda på i ein fart og gjekk opp til kafeteriaen. Der var stemninga stadig låg. Ein god del passasjerar låg i stolane rundt om og såg ut til å ha det vondt. Spyposane, brukte og ubrukte låg strødde rundt omkring. Var det dette utlendingane hadde drøymt om då dei reiste av garde frå Tyskland og Japan for å vera med på verdens meste omtalta sjøreise?
(Les vidare under bildet)

Kvalme og sjøsjuke hadde sett sine spor om bord i "Nordstjernen" veg rundt Stadt. (Foto: Jone Laugaland)
Besetninga om bord var raske med å rydda opp med ein gong sjøgangen gav seg. I løpet av ein times tid etterpå var det omtrent klart for lunsj om bord. Men plutseleg kom det ein rask omgang med store sjøar igjen. «Nordstjernen» gjorde eit par skikkelege overhalingar og dermed velta ein mengde stolar i restauranten. Litt dekketøy gjekk også i dørken og blei knust.
Men då «Nordstjernen» la til kai i Ålesund, to timar forsinka, sat passasjerane og åt lunsj. Dei hadde teke seg raskt igjen og matlysten var på plass.

"Nordstjernen" var ikkje klar til avgang klokka 15. Den blei forsinka av mykje last.
Opphaldet i jugendbyen blei kraftig amputert. Alle utflukter blei avlyst. Det blei berre tid til ein rask gåtur gjennom den snødekte og forblåste byen. I Brosundet, der lystbåtane ligg i lag på lag på sommarstid, var det fullt av sjarkar. Mange frå Rogaland.
- Klokka er tre, me er klar for siste etappe på avskjedstur med «Nordstjernen», sa eg kjekt ved kafebordet.
- Å nei du. Så enkelt er det ikkje. Først om ein halvtime er lasta ombord , sa den lokale hurtigrute-eksperten ved nabobordet. Den gamle hurtigruta blei forsinka på grunn lastemengden.
Ikkje ein dønning blei registrert på fjorden innover til Rosenes by. Men Hustadvika venta til natta for turistane som skulle vidare til Nord-Norge. Salget av sjøsjuke-tablettar gjekk strykande i kafeteriaen. Kulingane sto i februarkø på Midt-Norge-kysten.
Me gjekk i land i Molde. Der var det snø og kaldt. Her var det bare å finna seg ei passeleg varmestove der det var råd å slå i hel tida til sørgåande hurtigrute kom.
«Kong Harald» var inne i god tid før avgang, fullasta med blide, tyske turistar. Her var det danskebåt-stemning. Aust-europeiske musikarar og dansegolv i baren. Barkeeperen advarte mot sjøgang rundt Stadt.
Eg sovna som ein stein i lugar 341. Då eg vakna, hadde «Kong Harald» klappa til kai i Florø. Men det er ein heilt annan historie.

I Molde var det takk for turen. Du var ein koseleg båt, "Nordstjernen".

