Geir døypte dumperen «Magnhild»

Publisert av Jone Laugaland 17 februar, 2012 i Generelt

Geir Neverdal (45) har døypt dumperen sin Magnhild etter samferdselsministeren. (Foto, Jone Laugaland)

 

- Du er så dyktige, Magnhild, at eg har døypt dumperen min for Magnhild.

Geir Neverdal slo ikkje akkurat av for kjende då han i desember i fjor møtte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa på Rica Forum-hotellet i Stavanger. Der var det julebord for alle anleggsarbeidarane som jobbar med tunnelen langs Tysdalsvatnet.

- Du veit det er jo stas å møta kjendisar og komma i prat med dei når ein er i feststemning, seier 45-åringen frå Jørpeland. Magnhild deltok på feiringa av 175-årsjubileet til Næringsforeninga i Stavanger på same hotellet då dei møtte kvarandre i resepsjonen og kom i prat.

Det er entreprenørfirmaet Veidekke som er hovedentreprenør for tunnelanlegget som skal rassikra riksvei 13 langs Tysdalsvatnet mellom Strand og Hjelmeland. Brødrene Jørmeland der Geir jobbar, er underentreprenør og har ti mann i arbeid her. Geir sin j0bb er å kjøra ut steinmasse  frå tunnellen. 4,5 kilometer lang skal denne tunnellen bli og kosta og kosta 400 millionar kroner. Då skal trafikantane bli sparte for rasfaren som dei opplever akkurat nå på denne vegstrekninga.

Magnhild har nå gitt navn til ein dumper som går i tunnellen langs Tysdalsvatnet. (Foto: Aftenbladet)

 

- Kan tru Veidekke-folka som stort sett er austlendingar, gjorde store auer då eg kom dragande med samferdselsministeren.  På festen sitt dåverande tidspunkt hadde julabord-deltakarane flytta opp i baren i 21. etasje. Der fekk dei helsa på og snakka med Hjelmeland si store dotter. Dette var makalaust, sa dei etterpå.

Dumper-sjåføren sjølv var så medriven, sjarmert og imponert at han opplyste at han hadde døypt Volvo-dumperen sin Magnhild.  Maskinen sto trygt parkert på anleggsområdet på Vatne på denne kvelden og var navnlaus.

På mandagen etter den festlege samkomsten i Stavanger, sørga Geir Neverdal for at dei rette bokstavane blei festa på snuten på dumperen.

- Så du bløffa Magnhild?

- Ja, du veit ein seier litt av kvart når ein er i oppløfta stemning og treffer blide damer. Eg var iallfall rask etterpå. For det kunne jo henda at Magnhild passerte dumperen på veg heim til Hjelmeland. Nå ville ho kunna sjå navnet sitt på den gule maskinen.

- Men er det vanleg med navn på anleggsmaskinar?

- Kvinnenavn  er vel ikkje så vanleg. Maskinane som me har i arbeid inne i tunnelen, har navn som Slaven, Basen og Lærlingen. Men boreriggen til Veidekke, heiter Marianne utan at eg veit grunnen til det.

Anita, kona til sjefen, Arne Jørmeland, har undra seg over dumperdåpen. Ingen av dei gule brumlebassane ved Tysdalsstranda er oppkalla etter henne. Ho jobbar på kontoret til Brødrene Jørmeland på Tau.

- Eg lovar det her og nå. Den neste, nye Jørmeland-maskinen som kjem i arbeid på Tysdalsstranda, skal døypast Anita, slår Geir Neverdal fast. Han reknar med å ha arbeid med tunnelen langs Tysdalsvatnet snaue to år til.

Kva med Magnhild?

- Det var eit minne for livet å møta mange av dei som nå arbeider for fullt for å sikra ein trygg veg langs Tysdalsstranda og eg har sett dumperen med navnet mitt på anlegget, seier samferdselsministeren i ein kommentar. I si tid som lærar på Hjelmeland hadde ho mange elevar som seinare har kjørt både dumperar og gravemaskiner.

- Er det andre som har kalla deg opp rundt forbi?

- På Utsira var eg og åpna ny skule i februar i fjor. Eg sytte for skjønsmidlar då eg var kommunalminister. Det vart avgjerande for ny skule. Vegen opp til skulen ber navnet Magnhild Meltveit Kleppas vei. Den har ordføraren bedt meg åpna når eg er pensjonist med betre tid enn no. Det vert det lenge til!

Elles registrerte eg nyleg ein navnedebatt i Hole kommune. Der fekk eg med rekordfart på plass midlar til ein etterlengta omkjøringsveg . Somme meinte vegen fortjente namnet ”Kleppa-kleiva”. Det blei ikkje vedteke. Det var for vanskeleg å forklara nokre år fram i tid.

Eg har forresten ståande invitasjon til eit nytt hus i Hellesylt. Huset har ein ”gjønågong” som heiter Magnhild. Den er teken i bruk, men snorklippinga let venta på seg, fortel Magnhild og ler.

Ja, dette blei ei løgeleg soge! God helg!