Årdal rundt med Kolumbus
Publisert av Jone Laugaland 9 februar, 2012 i Generelt

Jens Sie frakta mange melkespann og mange passasjerar med denne kombinerte bilen rundt Dalen i Årdal. (Bildet har fått av Morten Hetland)
Planen min var å ta buss frå Tau til Hjelmelandsvågen. Med Kolumbus som ruteoperatør fekk eg mykje med meg på turen. Heilt uventa og overraskande.
Dette er ikkje ein klagesong over alt som går i diddelido. Berre les trygt i veg. Eg kom fram til Hjelmeland til slutt. I god behold og godt humør.
Men skepsisen var stor før eg starta på mandagsmorgonen. Grundige studier av gjeldande rutetabellar fortalde at eg måtte reisa med 6.30-ferja fra Fiskepiren mandag morgon. Vel framme på Tau klokka 7.10, skulle eg venta 20 minutt på ein buss som skulle gå innover klokka 7.30. Rart, følte eg. Det var både stusseleg og kaldt å stå heilt aleina i regnet på Tau-kaien og speida etter ein buss. Frykta for at dette ikkje stemte, kjente eg sterkt på.
Der tok eg feil. Klokka 7.27 kom der ein liten grønn buss. Sjåføren plukka meg opp og kjørte i veg.
Den litle bussungen freste av garde opp bakken frå ferjekaien og svinga til venstre i første vegkryss, inn til bussgarasjen. – Me skal skifta buss, forklarte sjåføren. Nå gjekk turen vidare i ein stor, kvit turbuss. Scania og gode greier. Eg var einaste passasjer og fekk drøfta turbo og servo og pensjonerte sjåførar i Østerhus bilruter med sjåføren. Alv Tungland er blitt pensjonist, fekk eg vita.
Austavinden tok kraftig tak i den svære bussen av og til innover i Målandsdalen. Men føret var greit. Reisa var problemfri, kan du seia, så langt.
Ein sjåfør, to bussar så langt. Men i botnen av Tveitebrekka i Årdal, i krysset der du tek av til Lyngsheia og Songesand, venta ny buss og ny sjåfør.
Min veg til Hjelmeland viste seg å gå rundt heile Årdalsbygda, eller Dalen, som dei innfødde seier. Eg fekk med meg Ullestad, Kaltveit, Røvjaland, Eggland, Valheim og Dalane på bussturen. Og visste du at dei stadig har juletrefestar på det gamle bedehuset på Dalen, kvart år.

Den siste kombinerte rutebilen til Ryfylkeveiens billag. Desse bilane forsvant med melkespanna. (Bildet lånt av Morten Hetland)
Spennande. Her kjørte eg melkebil sommaren 1971. Kombinert bil, halvt buss og halvt lastebil. Eit begrensa antall passasjerar, trur det var sju, kunne ein ta med seg. Men det var berre i teorien. Det sto aldri ein passasjer igjen etter ein slik rutebil. Var det smikkfullt inne, var det plass til fleire på lasteplanen.
Røvjaland heiter det etter gammalt, men det er blitt forfina til Riveland og den forma er vel i alle slags bruk i dag. Moster til far min, Ane Laugaland, var frå Årdal. Ho hadde fått med seg at ein av dei gamle på der oppe hadde runda 100 år. – Tenk, an Kolbein Røvjaland er på det andra hundre, sa ho. Viss an Kolbein Røvjaland hadde levd ennå, ville han vore over 150 år nå. Eg berre nemner det.
Nå er det over 40 år sidan eg skeina av garde med den gamle Mercedes-bussen rundt Årdal mens den faste sjåføren, Jens Sie, henta heiane tome for molta. Ein av dei mange sønnene sine stilte han til disposisjon som spannalempar og kjentmann. Desse Sie-guttane var så mange og så like at eg aldri var sikker på kven eg hadde med meg. Den som var mest med, heitte Egil.
Å kjøra melkespann frå bygda til meieriet, plassera dei på transportbandet inn i meieriet, for så å ta dei igjen og plassera dei på lasteplanen slik at rette spann kom av på den rette rampen, var ein heil vitenskap som du ikkje greidde læra på to-tre vekers tid. Derfor var det godt å ha lokalkjent spannalempar med seg.
Sjøl hadde eg nok med å læra meg å kjøra med usynkronisert girkasse og ei girstang som sto plassert lang bak førarsetet. Du kjente girstanga i handa når du strekte deg bakover. Du såg den ikkje medan du kjørte. Klart eg tykte eg var svært til kar då eg klarte å skifta gir med mellomgass og dobbeltkløtsj utan å skrapa altfor mykje på dei gamle tannhjula i girkassen.
I går kveld var eg på vill jakt etter bilde av den gamle melkebilen, men lukkast ikkje i første omgang. Eg måtte trøysta meg med bildet av den siste kombinerte bilen som Ryfylkeveiens billag hadde. Ein Volvo frå 1970-talet. Den var moderne med skikkeleg turbo-plystring, men plass til færre passasjerar. Den fekk ikkje nokon lang og ærerik melkebil historie. Tankbilane overtok og dermed var det eventyret slutt.
Den gamle, kombinerte Mercedesen dukka opp til slutt. Ryfylkeveiens billag hadde to slike i mi tid. Den eine gjekk mellom Vormedalen og Årdal. Den andre og eldste gjekk i Årdal. Eg meiner bestemt at Jens Sie arva Vormedalsbilen då den kombinerte Volvoen blei sett inn i rute. Jens Sie er avbilda med den tidlegare Vormedalsbilen. Den hadde synkkronisert girkasse, men sjølvsagt ikkje servostyring. Det var armsterke folk som snudde på rattet og lempa melkespann.

Slik ser Østerhus-bussane ut i dag. Før var dei gule. Men nå skal alt vera Kolumbus-grønt.
Bussen rundt Dalen plukka opp skuleelevar. Dei gjekk av og på sjøl. Då bussen var vel nede ved bensinstasjonen og det gamle ungdomshuset i Årdal, var det sjåfør- og busskifte igjen.
Siste etappe frå Årdal til Hjelmeland, var det Jon Kåre Riskedal som var sjåfør. -Bussen er 15 år gammal, men den er svingod, forsikra han.
Klokka 9 blei skuleelevane frå Årdal leverte på ungdomsskulen på Hjelmeland. Eg blei frakta til Hjelmelandsvågen, trygt og godt.
Dette kosta meg 80 kroner. Interessant og utviklande tur for oss som kjørte usynkr0nisert i ungdommen. Eg innser vel også at Kolumbus ikkje kan bruka all verdens av transport-subisidiar på å frakta ein og anna forvilla pensjonist frå Tau til Hjelmeland tidleg på morgonen. Eg registrerte ikkje andre betalande passasjerar på turen. Berre skuleelevar.
Ha ein strålande dag!

