Jan Christensen nøler ikkje med å bruka kroppen for å driva reklame for "Jøsenfjord".
Kroppen sin nøler han ikkje med å visa fram for driva PR for sin nye lidenskap, veteranskipet «Jøsenfjord». Jan Christensen frå Finnøy står nå på om bord i båten som endeleg ligg ved kai i Stavanger igjen etter 31 år. Nå gjeld det å skaffa mest mulig pengar til å restaurera båten. Målet er at den gamle fjordabåten skal bli minst like fin som den var då den gjekk frå Stavanger til Nederland i 1980. Etter 50 år i Ryfylke forsvann fjordaslitaren til Nederland. Onsdag i påskeveka kom «Jøsenfjord» tilbake til Ryfylke. I dag ligg den ved kai i byen.
"Jøsenfjord" slik den såg ut i 1980 før den forlet Stavanger og havna i Nederland.
Veteranskipsentusiastane i Rogaland har fått sin eigen kaiplass ved Oljemuseet like ved dei flotte seilskipa som er med i Tall Ships Race. Der er «Jøsenfjord» eit av trekkplastra saman med gamle dampen «Oster» og «Sandnes». Nå kan alle som ikkje har fått sett båten ennå etter heimkomsten frå Nederland i påskeferien i år, dra til byen og sjå «vidunderet». «Jøsenfjord» har nå fast liggeplass i Sandangervågen på Randøy, men blei taua til byen for å få vera med på arrangementet i helga.
- Eg har vore med på å rydda og vaska om bord i «Jøsenfjord» slik at folk som kjem om bord i Stavanger vil sjå at dette kan bli ein flott båt igjen. Mykje arbeid og mange pengar skal til for å nå målet, men dette går nok bra, seier Jan Christensen. Den utflytta saudabuen fekk si store interesse for Jøsenfjord-båtane som guttunge på sommarferie-besøk hos tante Alma på Hjelmeland. Då var han fast gjest på kaien i Vågen der han studerte rutebåtane som kom og gjekk.
- Viss eg kan driva fram Jøsenfjord-reklame ved å visa fram min nakne kropp, nøler eg sjølvsagt ikkje med det. Eg vil visa kva utrustning eg må ha for å føla meg påkledd, seier han. Sjå her:
Nå skal Jøsenfjord-entusiastane selja t-skjorter, capsar, krus, kaffi og kaker til inntekt for båten. Når arrangementet i Stavanger er slutt, førebur dei ein liknande framstøyt under Tomatfestivalen på Finnøy i august. «Jøsenfjord» skal også visast fram under frukt- og laksafestivalen på Hjelmeland i år.
Eli Undheim er ein av dei meir enn 1000 eigarane av fjordaskjorta.
Meir enn 1000 Jøsenfjord-skjorter er selde til nå. Eli Undheim frå Undheim på Jæren blei stolt skjorte-eigar fredag. Mange fleire kjem etter i løpet av helga.
Eit hundretals capsar er også spreidde rundt i Rogaland. Facebook-gruppene Nye Jøsenfjord Rutelag og Jøsenfjord-skjorta mi har over 1000 medlemmer til saman. Gå inn dersom du er interessert i meir informasjon. I tillegg kjem heimesida til veteranbåten: http://www.josenfjord.no/?_id=56
Jøsenfjord-fakta: Bygd i 1886 ved Christiansands Mekaniske Værksted for Dampskibsselskabet Lindesnæs, Farsund. Gjekk i rute mellom Farsund og Kristiansand fram til 1929 under navnet «Lindesnæs». Overtatt av Jøsenfjord Rutelag i 1930 og omdøypt til «Jøsenfjord». Rutebåt i Ryfylke fram til 1980. Deretter selt til utlandet.
Dampbåt fram til 1934. Fekk installert Wichmann-maskin på 394 hk. Denne motoren står ennå i båten. Skal vera den einaste maskinen av denne typen som ennå eksisterer.


Kommentarer