Ferja "Odda" er ein gammal kjenning for ferjereisande i Ryfylke. Den gjekk både i Tau-sambandet og Midtsambandet med navnet "Tau". (Foto: Jone Laugaland)
Den tradisjonelle turistferja i Lysefjorden er i full sving. Ferjeruta begynnar å bli gammal, men ferja er ny av året. «Odda» har aldri gått i ruta før, men dette er ein gammal kjenning for ferjereisande i Ryfylke. Ser du bak den nye malinga, er det gamle linjer å sjå.
«Tau» var navnet då ferja var ny i 1982. Den gjekk i Tau-sambandet fram til 1992 då den blei overflytta til Midtsambandet. I 2003 blei ferja selt til HSD og omdøypt til «Odda». I mange gjekk den i Sunnhordland mellom Skjersholmane, Ranavik og Sunde. Nå har 29-åringen sommarjobb på Lysefjorden.
- Turistferja har hatt ein god start i sommar. I fjor hadde ruta 25.000 passasjerar. Det kan bli fleire i år, seier Anne-May Waage, markedssjef i Tide Sjø. (Foto: Jone Laugaland)
- 28. mai begynte «Odda» som turistferja på Lysefjorden. Fram til nå har ferja gått ein rundtur kvar dag frå Stavanger til Lysebotn. Men frå og med kommande helg vil ferja gå to daglege turar frå Lauvvik til Lysebotn, opplyser Anne-May Waage, markedssjef i Tide Sjø.
Klokka 9 og 15 går ferja frå Lauvvik og klokka 12 og 18 frå Lysebotn.
Ifølge Anne-May Waage har det vore godt belegg på turistferja, og det er rikeleg med bestillingar utover sommaren. I fjor var det 25.000 passasjerar på turistferja i løpet av sesongen. Waage har tru på at sluttresultatet denne sesongen kan bli endå betre.
Ruta går etter den innarbeidde tradisjonen. Frå Lauvvik til Forsand og så vidare innover til Songesand og Flørli med avstikkarar til Fantahålå og geitene som er på sommarbeite ved fjorden. Selane som ligg og veltar seg på strandsteinane i sjøkanten mellom Flørli og Lysebotn får også besøk av ferjeturistane.
Basehopparane og ferjemannskapet har tett kontakt. Dersom det er hoppevêr, blir ferjefolka varsla slik at turistane får sjå når dei dumdristige fallskjermhopparane susar ned langs fjellsida frå Kjerag.
Lysefjord-turistane kan også reisa med buss frå Stavanger om Sirdal til Lysebotn. Deretter tek dei ferja ut fjorden til Lauvvik og så buss resten av turen tilbake til byen.
Fjordabåten «Hidle» var den første båten som gjekk i den etterkvart tradisjonsrike ferjeruta. Seinare har «godt brukte» ferjer blitt sette inn i sommartrafikken på Lyse. Ferja «Lysefjord» ( tidlegare «Rennesøy») med Andre Salthammer som kaptein gjekk i fleire år her. Seinare gjekk den tidlegare «Skudenes» ein sommar her med navnet «Ryfylke». «Utstein» og «Strand» har også seilt i denne ruta.
Sjølv om det er ny ferje i sommar, er det stadig folk som fører tradisjonane vidare. Kaptein Neil Falkeid og den evigunge billettørene Ola Norheim er med i Lysefjord-farten også denne sommaren.
«Odda» var den andre ferja som fekk dette navnet i HSD. Same ferja var den tredje Stavangerske-ferja som hadde navnet «Tau». Dette siste navnet har ikkje vore brukt seinare.


Kommentarer