- Erfjord har vore den andre heimplassen for oss båtfolk frå Rennesøy, seier Hans Petter Dyrseth.
- Erøy har vore den andre heimplassen vår for oss båtfolk frå Rennesøy. Dei siste 20 åra har me hatt påskeferiar og pinsehelger her. Deler av sommarferiane har me også alltid brukt i gjestehavna ved butikken til Torbjørn Erøy. Han legg ned butikk og gjestehavn når skuleferien er slutt. Då veit me ikkje kor me skal dra lenger, seier talsmann for båtturistane frå Rennesøy, Hans Petter Dyrseth.
Opptil ti båtar frå Rennesøy har vore faste gjester på Erøy. I påskehelga har dei fått si eiga brygge til disposisjon i båtlaget sitt anlegg rett ved gjestehavna. Her har dei fiska og kost seg med mat og drikke.
- Eg er redd at dette blir siste påskehelga i Erfjord slik det ser ut nå. Det ser vanskeleg ut å finna andre løysingar. Når krambua, der dei har alt mellom himmel og jord, blir borte, er mykje av kosen også vekke, meiner Dyrseth som ferier i «Kaholm», den gamle rutinebåten frå Ulsnes. Den 49 fots store båten, bygd i 1938, har han og kona Brit overteke frå svigerfar Thomas Gangenes.
Forblåste rennesøybuar har kosa seg ved det lune Hauaneset på Erøy. Her får ingen vindar tak.
- Dessutan er det gamle band mellom Erfjord og Rennesøy. Smedane på slippen på Vikevåg laga det meste av beslag og liknande som blei brukte på skøytene som blei bygde på Erøy opp gjennom åra. Dette gjeld mellom anna «Peder W», ei av dei finaste skøytene som har hatt heimehavn på Rennesøy, seier Hans Petter Dyrseth.
Gustav Tveit har vore ein trufast feriegjest på Erøy. Han har slekt frå Erfjord. I tillegg driv han slippen på Vikevåg som har levert mykje utstyr til skøytene som blei bygde i Erøyvik før i tida.
- Kor skal dokke reisa nå?
- Eg veit ikkje, men Skartveit kan vera aktuelt. Der blir det bygd nytt servicebygg ved den gamle rutebåtkaien nå, seier Dyrseth.
Nå til påske er det venta 30 båtar til Erøy. Siste sommarferien var det 2200 overnattingar i Erøy gjestehavn.
Handelsmann Torbjørn Erøy har bestemt seg. Han legg ned butikken når det begynnar å hausta. Då er ein 90-årig familietradisjon slutt. Erøy landhandel blei starta av bestefaren Ånen Torkelsen og ført vidare av sonen Åsvald Erøy.
- Butikken og gjestehavna blir stengt etter sommarferien, seier Torbjørn Erøy, tre generasjons landhandlar på Erøy-kaien. (Foto: Jon Ingemundsen)
- Eg har ikkje tenkt å pensjonera meg. Men til nå har eg ikkje bestemt meg for kva eg vil gjera vidare, seier 55-åringen som har utdanning innan økonomi og rekneskap.
Han bur oppe på butikken. Det har han tenkt å fortsetja med. Derfor er han heller ikkje interessert i å leiga ut landhandelen til andre. Dessutan måtte ein starta på ei større renovering dersom landhandelen skulle blitt driven vidare.
- Kundene mine er ikkje glad for at eg vil slutta. Men nå har eg bestemt meg, og vil ikkje la meg overtala, seier Torbjørn Erøy som reknar med at det vil ta ein god del tid frå han stenger butikkdørene til han er klar til å begynna i nytt arbeid. Det er mykje å ta fatt i på ei gammal krambu der dei har selt alt.
PS: Denne siste butikkpåska på Erøy, kan du få kjøpa Jøsenfjord-skjorter der. Erøy var fast stoppeplass for båtane til Jøsenfjord Rutelag i alle år. Torbjørn Erøy er ein stolt skjorteseljar. DS.


Kommentarer